Badjerhola.

Reine luksusen, tykte  borna på Skylstad at dei hadde,badeplassen på Nekkane. Ein dam,varmare og tryggare enn elva,-der ein kunne dukke, plaske og stake seg rundt på ein heimesnekra flåte. Eigentleg ikkje noke å skryte opp i skyene. Men kroppen "isna" ikkje til slik som når vi vassa rundt i elva sine småkulpar med kvervlande kaldevatn !

Dammen vart  fylt igjen på slutten av 50-talet . -Om eg hugsar,seier vi no.-Men det var jo berre eit lite gjørmehol.

Namnet hadde ein så  imponerande flott  klang at det gløymer vi ikkje så lett: /BAD-JÆR-HÅ-LA./

Ho låg eit stykke aust for der råsa går oppover krattskogen til Skylstadbrekka.

På postkortet ser vi Lygna, elva som renn frå Lygnstøylvatnet og forbi Skylstad på sin veg til Norangsfjorden. I bakgrunnen kneisar Skruven.

Lygna

Rolig og stilt renner Lygna gjennom Skylstadbøane (Foto: K.Knudsen)

" Hølen" i framgrunnen kan minne om Badjerhola, og virkar så roleg at det fint hadde gått an å bade der. Men det ville heilt sikkert vere mykje kaldare   .