Arne Johannesen har trena jamnt sidan han var 12 år gammal. Det vart først langrenn som vart hovudidretten hans - han har m.a. konkurrert mot Arild Bjørdal frå Ørsta fleire gonger, men etter kvart vart han også ein ivrig maratonløpar. Dei siste åra har også motbakkeløpa fenga interessa hans, m.a. har han delteke i "Skåla rett opp" i Loen. Om 14 dagar skal han på nytt delta i dette tøffe motbakkeløpet og neste helg skal han delta i sykkel- og motbakkeløpet frå Skjolden til toppen av Fanaråken.
Arne Johannesen frå Øystese og Luster, er her på veg mot toppen av Saudehornet sist laurdag.
Arne vart nr. 3 i si klasse, Menn 50-54 år, og var godt nøgd med denne plasseringa, men tida 1.14.18 var han ikkje nøgd med. Det var rett nok første gongen han var med i dette løpet og var såleis ikkje godt kjend med terrenget og vegen opp, men først og fremst var det nok den den varme- og klamme som senka han også. I tillegg opplyser han at føtene var litt tunge, noko som kan skuldast i meste laget med trening i det siste.
Men om ikkje tida var så god som Arne yngste, er han godt nøgd med t-skjorta som han har brukt ein god del siste vekene. T-skjorta det er snakk om er sjølvsagt kjend for oss hjørundfjordingar. Sjå foto under.
Arne med t-skjorte med velkjent motiv.
Av slutningsvis seier Arne at sjølv om det var første gongen han var med i "Saudehornet rett opp" så har han vore i Ørsta og Hjørundfjorden før og han vil heilt sikkert kome tilbake igjen. Han vil gå på turar i fjella "våre" - ikkje minst med ski på føtene. Nyleg runda han 50 år og på presangbordet låg det m.a. fullt randoneutstyr av "feitaste" slaget. Dette utstyret skal sjølvsagt brukast.
P.s.:
Det tek no til å bli svært utplukka i t-skjortelageret vart, men ein del er framleis att. Ta gjerne kontakt med underteikna eller andre om du ynskjer å kjøpe. Vi sender også.
Kommentarar