I august i fjor vart Trandal Blues Experience halde. Lokale sunnmørske bluesband laga ein magisk kveld, og dette gav meirsmak. No er den første Trandalbluesen klar, og etter alt å døme vert det ein årsviss bluesfestival.


Bob Barker Bluesband, LTTBAND, Jack of The Trade og Gaspilot er banda som spelar under festivalen. Og aldri ein festival utan ein ”artist in residence”. Årets æresgjest er Totto Nilsen. Bluesveteranen og munnspelvirtuosen har spelt saman med dei beste norske bluesband og med amerikanske artistar/band som Rock Bottom, Kim Wilson, Sugar Blue og Paul Butterfly.


Trandalblues opnar fredag 5. juli med kveldskonsert på Christian Gaard. Artistar fredag er Bob Barker Blues Band og LTTBAND. Bob Barker Bluesband vil servere blues av både gammalt og nytt merke. Fleire av medlemmene i bandet har bakgrunn i Sunnmøre Baarelag.


LTTBAND med Sigbjørn Follestad i spissen vil servere lett og dansbar bluesmusikk.
Laurdag 5. juli vert det først ettermiddagsblues med ymse artistar, før kveldskonsertane, der Bob Barker Blues Band kjem på scena igjen. Vidare vil Jack on the Trade og Gaspilot stå på scena.


Jack on the Trade er eit Ålesund-basert band sett saman av dei rutinerte  musikarane Pål Bjurbeck, Steinar Drage, Frank Vinsjansen, Kyrre Grimstad og Kjell Rune Klubbenes. Gaspilot spelar rocka blues, og har Ståle Dimmen, Bertil Tødenes og Martin Foldal som medlemmer.


Det har i tillegg meldt seg fleire musikarar som vil vere med, slik at det undervegs under Trandalblues også vil verte jamsessions.


Trandal er ei veglaus bygd, men er midt i smørauget. Det vert sett opp båtskyss både frå Ålesund, Hundeidvik og Sæbø, og tidspunkta vert kungjort i avisene.
Vel møtt til ei blå og mektig helg midt  i Sunnmørsalpane.


Baarelaget 023

Fjorårets ettermiddagskonsert med Baarelaget og Arild Rønsen er allereie legendarisk. Torer vi å håpe på det same til helga?