Kl. 10.00 var turdeltakarane samla på parkeringsplassen ved Bruasletta. Derifrå gjekk turen på grusveg opp til Bjørke der råsa opp i Tyssedalen startar, den såkalla Bjørkeråsa. Her fekk alle utdelt drikkeflasker ifrå Tussa. Desse kom godt med på den fine varme dagen. Etter vel ein time var dei framme ved Oksehølen der den valgte råsa tek av mot Bjørkehornet. Der kom fleire turdeltakarar til som hadde gått opp i dalen dagen før og overnatta i Tyssenaustet og Tussebu. Her vart det ei pause med påfyll av litt mat og drikke. Jarle orienterte om rutevalg og framferd på turen.Fortoppen til Bjørkehornet den ein ser ifrå bygda var målet. På returen var rutevalget ned i Tverrelvdalen og videre til Tussedalen. Slik vart det ein fin rundtur.

 

Trykk på bileta for stor versjon

P1000832

Rett før ein passerar brua over Tyssa er det ein fin utsikt ned til Bjørke

 

P1000836

Ifrå anleggsvegen ved Oksehølen ser me Bjørkehornet og vår rute for turen   

         

P1000864

I grasbakkane opp mot fjellfoten var det lett å gå.

 

P1000868

Før me tok til på siste oppstiginga kryssa me ein snøbrede

 

P1000869

Korte pauser må til i varmen.

 

P1000876

 Toppen er nådd! Utsikt ut igjennom Hjørundfjorden

 

 P1000884

Alle turdeltakarane samla på toppen i t-skjorter ifrå Tussa.

 

P1000882

Utsikt over Skjåstaddalen

 

P1000875

Utsikt til Tyssevatnet. I bakgrunnen ser me Kviteggja og Hornindalsrokken

 

Det vart ein vellykka tur med spreke, positive og disiplinerte turdeltakarar.Ein ekstra takk til vår eminente kjentmann Jarle Myklebust som losa oss trygt opp   og ned. Me vonar at Naturfestivalen også neste år legg turar til Bjørkeområde.