Kl. 10.00 var turdeltakarane samla på parkeringsplassen ved Bruasletta. Derifrå gjekk turen på grusveg opp til Bjørke der råsa opp i Tyssedalen startar, den såkalla Bjørkeråsa. Her fekk alle utdelt drikkeflasker ifrå Tussa. Desse kom godt med på den fine varme dagen. Etter vel ein time var dei framme ved Oksehølen der den valgte råsa tek av mot Bjørkehornet. Der kom fleire turdeltakarar til som hadde gått opp i dalen dagen før og overnatta i Tyssenaustet og Tussebu. Her vart det ei pause med påfyll av litt mat og drikke. Jarle orienterte om rutevalg og framferd på turen.Fortoppen til Bjørkehornet den ein ser ifrå bygda var målet. På returen var rutevalget ned i Tverrelvdalen og videre til Tussedalen. Slik vart det ein fin rundtur.
Trykk på bileta for stor versjon
Rett før ein passerar brua over Tyssa er det ein fin utsikt ned til Bjørke
Ifrå anleggsvegen ved Oksehølen ser me Bjørkehornet og vår rute for turen
I grasbakkane opp mot fjellfoten var det lett å gå.
Før me tok til på siste oppstiginga kryssa me ein snøbrede
Korte pauser må til i varmen.
Toppen er nådd! Utsikt ut igjennom Hjørundfjorden
Alle turdeltakarane samla på toppen i t-skjorter ifrå Tussa.
Utsikt over Skjåstaddalen
Utsikt til Tyssevatnet. I bakgrunnen ser me Kviteggja og Hornindalsrokken
Det vart ein vellykka tur med spreke, positive og disiplinerte turdeltakarar.Ein ekstra takk til vår eminente kjentmann Jarle Myklebust som losa oss trygt opp og ned. Me vonar at Naturfestivalen også neste år legg turar til Bjørkeområde.
Kommentarar
Vi går igjennom turene som har våre i år på Årsmøtet til hausten og då blir det også diskutert nye turer.
Kom gjerne med forslag på nye turer før Årsmøtet.
Eg håper også fleire blir medlemmer i Naturfestivalen.
I fjor var det berre 3 (lag/organisasjoner)som hadde betalt medlemsavgifta og kunne stemme på Årsmøtet.
Det koster 100 kr å bli medlem .