For nokre år sidan bygde Sæbø Grendalag ei skogaløde i Fonnvernet. Thomas Hustad bygde ei eikte grindløde "etter gammal oppskrift". Og Grendalaget kjøpte bord og benker og der er 16 siteplasser kring borda.
Staden er rett triveleg med fin utssikt over Hjørundfjorden.
Ta med kaffigjestar til skogaløda
Nyttårsfeiringa vert lagt til Skogaløda. Men ellers er der liten aktivitet. Den burde ha vore mykje meir brukt. Vil tilråde å take med gjester på kaffitur til Skogaløda. Det har me gjort eit par gonger. Ein gong tok me med barnebarna frå Volda. Og den adnre gongen tok med med slektningar frå Atlanta, U.S.A. Der sat dei og såg over Hjørundfjorden og Hustad der oldeforeldra kom frå. Dei kom med mange rosende omtaler over Skogaløda, utsikta og den flotte plasseringa.
Anbefaler å take med gjestene på kaffitur til Skogaløda.
Bjarne Hustadnes
Kommentarar
I denne samanhengen vil eg nemna to ting:
* Utsikten er i dag i ferd med å verta hindra av hurtigveksande tre.
* Kosen her oppe vert ofte redusert av ein bitande dalatrekk. Hadde dette byggverket fått 2 vegger, ville problemet vore løyst. Men slike vegger skal vel ikkje finnast på ei skogaløde, eller?