I fjor sommar såg vi utviklinga på Skårakjerringa frå slank møy til gravid kjerring og til slutt flaut ho ut til eit stort svart område oppe i breen opp om Skåragardane.

HPIM0477

5. juli i år såg ho slik og heretter går det berre utover...

Dei fleste har ikkje problem med å finne henne. Du ser henne i den største breen i midten av biletet. Ho vender mot høgre, har sid stakk og skaut på hovudet.

Ved å samanlikne bileta frå 8. juli i fjor, var ho litt rundare i formene då, men skilnaden er liten. Dvs. klimaet dei to siste åra er ganske like, i alle fall for Skårakjerringa.