MÅNDAGSTURAR!
Dato tur møtestad
7/7 Gunnar-råsa/Storenakken Fonnvernet
14/7 Årskogsøylen/Høgereset Holebrua
21/7 Sæbønestuva Leikeplassen på Sæbøneset
28/7 Vasstøylen/Kvamsedalen Samkjøyring v. bommen
4/8 Klokkura/Tryvatna enden på vegen Stokkesida
11/8 Hustadnestuva hamna på Hustadneset
18/8 Moakollen På Moane
25/8 Høgenausa Frøland
1/9 Årskogstøylen/Høgereset Holebrua
8/9 Gunnar-råsa/Storenakken Fonnvernet
15/9 Eitrefjellet parkeringsplassen på b. eidet
22/9 Gamlevegen v.vegen på villane
29/9 Rekkedalsetra v.fjøsen til O.J. Rekkedal
6/10 Rognestøylen v. bommen i Sledalen
Vi håper på godt vêr og godt frammøte.
VEL MØTT!
Helsing Trimgruppa!
Tusen takk! (05.07.2008 kl. 23:45)
Ja her må me takke for gåva , og vi må finne på noko som smakar og lagar feststemning .
Dette var ei super overassking!
Bodil Skare
Chablis i ryggsekken? (05.07.2008 kl. 17:17)
Her må eg blanda meg inn! I denne varmen med kvitvin i nistesekken? Nei, det er for gale! Pisselunka chablis i plastkrus? Spanderer de ikkje skikkeleg kjøling og krystallglas, kan det berre vera. Men Gunnar fortener ein skål, det er sant!
Kari Hame
Takk for gåva (04.07.2008 kl. 21:49)
Tusen takk til Kari og dametrimmen "den gong", Vi i trimgruppa set pris på gåva. Pengane bør vel ikkje drikkast opp, men forslaget til Alf Ole var superbra! Kva seier de trimmarar??
Haldis Fiskå Mo
Chablis på tur ? (04.07.2008 kl. 17:55)
Eg har eit forslag Bodil & co; for kr 306,- får dokke kjøpt ei verkeleg god flaske Chablis.
Ta med den i sekken på tur i "Gunnar-Råsa"
Då får dokke tatt ein velfortjent skål, både for dokke sjølve og for Gunnar-Råsa.
Få med dokke så mange som mogeleg frå 1990 gjengen, og Gunnar hadde sikkert også satt pris på at Råsa vart skåla inn på skikkeleg vis.
Trim og alkohol høyrer kanskje ikkje heilt saman, men det vert no ikkje mange dråpane på kvar, så det bør gå ;-)
Alf Ole Aarseth
Gåve til trimgruppa (04.07.2008 kl. 12:36)
Rundt 1990 oppretta det som den gong var dametrimgruppa, ein konto, der medlemene betalte inn 50 kr. ein eller to gonger. Vi kjøpte inn kassettspelar og hadde elles ikkje større utgifter. Medlemer var bl.a. Else Årseth, Sigrid Berge, Anne Lise, Kari, Helga, alle med etternamn Riise, Solfrid Holen, Gunnhild Slettedal og Ragnhild Frøland. Vi(helst underteikna)har tala om å drikka opp pengane, men kr. 306 som pr. idag utgjer formuen vår, dekkjer ikkje mange skvettane med godt drykk. Difor overlet eg pengane til Bodil Skare og trimgruppa, og går hermed i banken og fiksar saka! Lukke til med turane!
Kari Hame