Her vi i full gang med merkinga, det skal vere godt for alle å sjå kar ein bør gå no!
Her er vi komne opp på skaret, vel halvegs til toppen, frå her er det flott utsikt og litt lettare terreng å gå i.
frå venstre: Anette(like frå Tyskland), Hilde, Haldis, Kanutte, Kari, Gunnar, Bente, Ann Helene, Marit, Jonny, Janneche.
Vi gjekk i samla flokk, og alle var smilande blide.
Skodda låg på tpooen når vi starta så vi var litt spente om den letta.
Jonny var stifinnar og kjentmann, og vi fylgde etter.
Rett før siste kneika var føraren litt i tvil om kva veg han skulle velge, vi gjekk den til venstre opp, den var nok litt strabasiøs så vi anbefalar den mot høgre, der gjekk vi nedatt, mykje slakkare å gå.
Her er vi samle på toppen, no har vi fått opp ny bok men den gamle ligg der og er "historisk"
Skodda letta og vi kunne nyte den flotte utsikta.
I den gamle boka står Sæbønestuva også kalla Sæbøaksla.
Her kan de sjå litt av denne fantastiske utsikta som er her oppe.
Det er vel verdt turen for å sjå!
Til sist eit fellesbilde med sjølvutløysar, med olavshola og Hustadneset i bakgrunnen.
Haldis, Bodil, Anette, Ann Helene, Kanutte, Janneche, Bente, Kari, Jonny, Gunnar Marit og Hilde.
Neste tur vert Vasstøylen/Kvamsedalsreset.
Vel møtt!
Kommentarar
Randi fekk omlag 20-25 flåttar på seg. desse var temmelig små ca0.5mm og vanskelige å få auge på så her må ein nok passe godt på og sjekke seg etter turen. Er nok mykje flått i dette området grunna hjorten?