Leiaren i Hjørundfjord bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, var i si tid ikkje i tvil om at han ville ha med seg Rune Sæbønes i styringsgruppa.  Difor vart han svært glad då Rune takka ja til dette ubetalte vervet nærast med ein gong. I si helsing til Rune, som no måtte takke nei til vervet p.g.a. sin nye jobb som redaktør i Møre-Nytt, nemnde Ivar Svein kor viktig Rune hadde vore, spesielt p.g.a. av sitt store kontaktnett, sine faktakunnskapar og ikkje minst hans gode evne til å formulere seg både skriftleg og munnleg.  Ivar Svein nemnde spesielt at han har fått svært positive tilbakemeldingar når Rune har representert bygdemobiliseringa ved fleire ulike høve.

Ivar Svein kjende til at Rune for ikkje lang tid tilbake var på Cuba - kanskje for å helse på Fidel Castro?  Ivar Svein visste i alle høve at dei to hadde to ting til felles - dei likte begge ein god sigar og begge hadde nyleg gått ut av vikige verv, Fidel som president, Rune som styringsgruppemedlem.  Teikninga som Rune fekk overrekt av leiaren i Hjørundfjorden bygdemobilisering, var ei av Rune sitjande på Fidel Castro sitt fang.  Teiknar/kunstnar er Marita Bett Jensen.

IMGP5642 (Large)

Her ser vi Rune Sæbønes - originalen - til venstre.  På teikninga ser vi Rune sitjande på Fidel Castro sitt store fang.

Cuba 20080701

- Seier du det? Heilt frå Hjørundfjorden?  Det er dette Fidel Castro seier til Rune Sæbønes.