- Er du ledig måndagskvelden?

Jau, måndagskvelden gjekk greitt, men tysdag var det verre med. Det måtte bli måndagskvelden, men så oppdaga eg at det var jonsokaftan – midtsommarfestdag, som det står i ordboka mi. Heldigvis jaga regn og kulde folket tidleg i hus og klokka 2250 var eg hos Rune Sæbønes, den fyrste redaktøren til Hjørundfjordportalen. Som Rune sjølvsagt visste, var det denne kvelden akkurat 10 år sidan Noreg slo Brasil i VM. Kampen vart på nytt vist på TV og vi fekk med oss den vidgjetne straffa til Ketil Rekdal. Den gjekk i mål denne gongen også. Så var vi i gang.

DSC_0055 (Large)

Den nye redaktøren i Møre-Nytt, Rune Sæbønes. Foto: Møre-Nytt

- Gratulerer som ny redaktør i Møre-Nytt, Rune.

- Tusen takk.

- Før vi startar på denne samtalen, Rune, så må eg få kome med krass kritikk. Det er ikkje kvart tiår det vert tilsett ny redaktør i det som vel må vere ei av Noregs mest populære lokalaviser. Likevel klarer ikkje avisa å få til eit skikkeleg ”oppstartintervju” – ein helgeprat med nyeredaktøren. Nei, berre eit svartkvitt foto vert brukt som illustrasjon til det anonyme oppslaget inne i avisa.

- Det er sakene som skal prege Møre-Nytt, ikkje personane som arbeider der. Slik har der vore og slik skal der framleis vere i Møre-Nytt. Sakene må vere i fokus, seier Rune Sæbønes og smiler knapt. Han meiner tydelegvis alvor.

IMGP5552 (Large)

Rune meiner alvor. Vi har sett fleire foto av Hjørundfjorden frå denne staden tidlegare, men ikkje med dette hovudmotivet.

- Vi må starte med Hjørundfjorden og oss som bur her. Som du sjølv veit, er Møre-Nytt ei populær avis, også her i Hjørundfjorden, og det er populært at du har vorte redaktør. Det forstår den som er brukar Hjørundfjordportalen. Vil du halde fram med å vere brukar av hjorundfjord.no og kva med arbeidet du gjer i frivillige lag og organisasjonar?

- Eg vil heilt sikkert halde fram med å vere brukar av Hjørundfjordportalen og truleg vil eg også av og til skrive her, men sjeldnare enn før. Og eg vil nok ikkje skrive om ei sak før den evt. har vore omtalt i Møre-Nytt. Slik må det vere - lojaliteten må vere hos avisa ”mi”, seier Rune og held fram:

- Når det gjeld arbeidet/ engasjementet mitt i det frivillige lag og organisasjonar så har eg allereie avvikla det meste, og det som måtte vere att, vil eg trekkje meg ut av snarast. Dette har med to område å gjere. For det første gjeld det arbeidsavtalen min med Møre-Nytt. Den seier m.a. at redaktøren av Møre-Nytt skal vise stor varsemd med å vere med i det frivillige organisasjonslivet. For det andre kan eg ikkje melde meg ugild i enkeltsaker som redaktør av ei lokalavis. Dette tek eg konsekvensen av og går ut av det frivillige organisasjonslivet.

- Ikkje ugild i enkeltsaker, neivel, men vil vi få sjå signaturen ”Rune Sæbønes” under saker i Møre-Nytt i tida framover? Eller sagt på ein annan måte – vil du halde fram med å skrive i avisa sjølv om du no har vorte redaktør?

­- Eg, som redaktør av Møre-Nytt vil absolutt halde fram med å skrive, kanskje like mykje som før, men signaturen min vil lesarane nok sjå sjeldnare. Dette har med å gjere at ein redaktør er ansvarleg for alt som står i avisa – ikkje berre for det han skriv sjølv.

IMGP5557 (Large) IMGP5560 (Large)

- Du er frå ein familie som er kjend for å delta aktivt i det politiske arbeidet, og spesielt for Arbeidarpartiet. Eg meiner også å hugse at du var medlem i AUF. Du vil vel halde fram med å vere medlem i dette partiet?

- Det er mange år sidan eg var medlem av eit politisk parti. Sjølvsagt har eg heller ikkje tenkt å melde meg inn i slikt noko.

- Når vi fyrst er inne på partipolitikk – eg har høyrt av fleire at du vert skulda/æra for at Frp har gjort det så godt i Ørsta kommune ved dei siste kommunestyrevala. Har du ein kommentar til det?

- Ja, eg har sjølv høyrt det. Det har nok samanheng med at det har vore ei av mine oppgåver i Møre-Nytt dei siste åra å halde kontakta med rådhuset/det politiske livet i Ørsta. Ei av oppgåvene har sjølvsagt vore å intervjue ordførarane. Som du veit, var Hans Olav Myklebust frå Frp ordførar i siste kommunestyreperiode. Men desse skuldingane tek eg ikkje så tungt, eg har fått høyre det same når det gjeld andre parti.

Her får Rune trong til å seie at han set stor pris på politikarar som torer å stille spørsmål om vedtekne sanningar og som kjem med synspunkt til lokalavisa.

- I alle høve: Møre-Nytt er- og skal vere politisk nøytrale, men sjølvsagt skal vi ikkje vere servile.

- Men den kritiske journalistikken er stort sett fråverande i Møre-Nytt?

- Nei, slett ikkje. Vi driv absolutt med kritisk journalistikk, men ein må hugse på at når det gjeld konkrete saker, så må alt vi skriv kunne dokumenterast. Her må eg også få nemne offentlegheitslova, dvs. at allmenta skal ha fullt innsyn i alt som det offentlege gjer, dvs. t.d. også diskusjonar i kommunestyre og formannskap. Det er Møre-Nytt si plikt å syte for at publikum får dette innsynet. Difor har nok fleire politikarar ikkje likt at Møre-Nytt gong på gong har peika på at gruppemøte som politikarane ikkje sjeldan held, ikkje skal misbrukast til å vege argument for og mot ei sak. Innbyggarane skal få kjennskap til det som skjer i kommunen.

IMGP5565 (Large)

Sommarnatt utan blitz, men med høg ISO. Mannen heiter framleis Rune Sæbønes

- Ok, Rune. Møre-Nytt er vel ikkje kjend for å gjere store endringar. Vil vi merke at du har blitt redaktør? Her ser eg at nyeredaktøren nesten blir litt irritert før han svarar, men etter eit par sekund er han like roleg.

- Møre-Nytt gjer endringar og då tenkjer eg ikkje berre på omlegginga til tabloidformatet som vi hadde sist haust. Ser du i ei fem år gammal avis og samanliknar den med ei som kjem ut i desse dagar, vil du snart oppdage at mykje har blitt annleis. Det same vil du heilt sikkert konstatere om du samanliknar dagens Møre-Nytt med ei som kjem ut fem år fram i tid. Igjen – det er sakene som skal vere i fokus i Møre-Nytt – ikkje det ytre, ikkje personane som arbeider der. Når endringar vert gjort, er det fordi avisa skal bli betre, ikkje for endringane i seg sjølv.

- Det er i alle høve dei fleste av oss som set pris på at lokalavisa vår no vert trykt i fargar.

- Ja, det likar vi som arbeider i avisa også. Men det nye formatet stiller også krav til oss journalistar. Språket må strammast inn og gjerast betre og heldigvis lærer vi. Eg føler meg trygg på at Møre-Mytt er betre i dag enn den laurdagen vi gjekk over til nyeformatet.

- Fem år fram i tid, seier du. Er du sikker på at det vil eksistere ei lokalavis som heiter Møre-Nytt då? Det er vel ein ire som eig Edda Media som eig Sunnmørsposten som eig Møre-Nytt. Er ikkje faren stor for at ein eller annan finn det økonomisk klokast å legge ned heile lokalavisa vår og la Sunnmørsposten få overta heilt og fullt?

- Vi ser det over heile landet; regionavisene går tilbake mens lokalavisene styrkjer seg. Også Møre-Nytt held- eller aukar opplaget. Det er utan tvil fordi vi er nære publikum. Det forstår no også eigaren vår. Difor skal det framover ikkje berre vere Møre-Nytt sine journalistar som arbeider i Ørsta, men vi skal også t.d. ha annonseavdelinga vår her slik som vi alltid har hatt. I tillegg vert sjølve avisa laga her, seier Rune og legg til:

- Sunnmørsposten vil sjølvsagt legge ei forventning på oss for at vi skal drive best mogleg og gje eit godt økonomisk resultat, men denne forventninga må vi leve med og eg er slett ikkje redd for den. Det må også nemnast at Sunnmørsposten har ressursar både fagleg og teknisk – ressursar som vi i Møre-Nytt kan nytte oss av. Det må likevel presiserast at Møre-Nytt framleis er 100 % sjølvstendig og det er redaktøren som bestemmer kva innhald denne avisa skal ha.

IMGP5569 (Large)

Rune likar å sjå opp og fram

- Så eit viktig spørsmål som eg trur mange lurer på. Dersom det er ei sak som ein ynskjer å få omtala i Møre-Nytt, kan det vere klokt å ta kontakt med Møre-Nytt måndag, onsdag eller fredag? Eg tenkjer her på at denne avisa kjem ut berre tirsdag, eller tysdag som det vel heiter, torsdag og laurdag mens Sunnmørsposten kjem ut kvar dag?

- Du har nok eit poeng der, men det beste er sjølvsagt om du berre tek kontakt med Møre-Nytt og ikkje Sunnmørsposten. Ei eksklusiv sak for Møre-Nytt får størst oppslag. Har saka først vore omtalt i Sunnmørsposten på måndag, slår nok vi ikkje den same sake stort opp på tysdag. Møre-Nytt skal slett ikkje vere ein kopi av Sunnmørsposten. Stoffet, sakene, som kjem i Møre-Nytt, skal vi vere fyrst og best på. Legg også merke til at Møre-Nytt har stoff frå Hjørundfjorden og Vartdal i nærast kvart nummer. Vi er jamt innom rådhuset og ser gjennom innkomen post og er der eit brev frå t.d. Hjørundfjorden, ja, så skriv vi som oftast om det.

- Men Sunnmørsposten er store…

- Feil, om det er innbyggarane i Ørsta ein vender seg til. Sunnmørsposten har ei dekningsgrad på 50 % i Ørsta kommune. Møre-Nytt sin dekningsgrad er på 90 %. Dette er noko som t.d. hotelleigarar og andre bedriftseigarar må legge merke til om dei ynskjer å vende seg til oss som bur i denne kommunen.

- Då er vel Møre-Nytt sitt kontaktnett så stort at avisa ikkje treng tips?

- Sjølvsagt set vi stor pris på tips, også frå Hjørundfjorden. Fleire sender oss også foto. Det er vi takksame for. Men eit lite tips – unngå motlys når ein fotograferer personar.

- No må vi litt tilbake til Hjørundfjordportalen og Møre-Nytt. Eg høyrer at Møre-Nytt skal starte med nettavis. Har det vore vondt å sjå at Hjørundfjordportalen har vore før ute med viktige saker ved eit par høve? Og er målet no å konkurrere ut portalen vår?

- Det stemmer at Møre-Nytt vil kome med ei nettavis. Som eg nemnde, har eg stor tru på den tradisjonelle papirutgåva vår også i framtida, men lesarane våre forventar at vi snart kjem med ei nettavis og vi ser sjølve at ei nettutgåve må til. Etter kvart vil nok NRK kome med eigne, lokale nettaviser og det er ikkje så vanskeleg for t.d. VG Nett å lage slike lokale nettaviser heller. Vi har ikkje tenkt å sitje i ro og sjå på det. Vi har likevel ikkje noko mål om å konkurrere ut Hjørundfjordportalen sjølv om vi har konstatert at denne portalen har vorte mykje brukt/lest når t.d. alvorlege ulykker har vore omtalt der.

- Og når startar Møre-Nytt si nettavis opp?

- Det får du ikkje noko svar på no, men det er ikkje snakk om om vi gjer det, men når. Og Møre-Nytt sine lesarar vil vere dei første som får vite om den dagen Møre-Nytt si nettavis er eit faktum.

- Får ikkje ein gong smp.no vite om det først?

- Nei.

IMGP5571 (Large)

Ikkje Spice Girls, men krydderplanter

- Rune, du var Hjørundfjordportalen sin første redaktør/administrator. Har du eit par gode råd til Ørsta sin største nettportal?

- For det første registrere eg at hjorundfjord.no er med på å skape identitet og den er med på å gjere folket som bur i Hjørundfjorden stolte. Det er bra. For det andre må ikkje lista for den som skriv-/legg ut stoff på portalen leggast for høgt. Hugs på at dette er dugnadsarbeid. Det vert nok vanskeleg for portalen å konkurrere med dei mange nettavisene. Difor er det svært viktig å få fram det gode, lokale stoffet. Eg tenkjer m.a. på ulike hendingar, om turar på fjell og i dalar, skildringar av det indre livet osb, rår Rune.

- Elles ser eg at sida for turistar ikkje fungerer heilt godt enno – ei slik side må også ha ein klar link til det lokale stoffet og vi må også hugse på at dei aller fleste turistane som vitjar oss i Hjørundfjorden er norske. Men eg er heilt sikker på at ein etter kvart vil ut god informasjon også til turistane på Hjørundfjordportalen. Og etter kvart som Hjørundfjordportalen vert meir utoverretta, trur eg nok at reiselivet må finne seg i å betale for å få bruke hjorundfjord.no. Desse pengane må brukast til å gjere portalen betre.

- Til slutt, Herr redaktør, du har fått velfortent ros for dine gode reisebrev frå utlandet. No når du er redaktør, vert det slutt på all reising, alle reisebrev og berre jobbinga står att? Eg veit t.d. at du nyleg var i Italia på Giro d `Italia, men eg har ikkje sett noko reisebrev?

- Det stemmer nok at eg var i Italia nyleg, men p.g.a. litt lite tid til overs i det siste, vart det nok ikkje reisebrev denne gongen, men eg har slett ikkje tenkt å slutte å reise sjølv om eg har endra stillingstittel i Møre-Nytt. Kanskje vil det dukke opp eit reisebrev eller to også. I alle høve den fyrste tida vil det nok verte mykje jobbing – det er mykje å setje seg inn i, men eg vonar å få gjere andre ting også, t.d. likar eg å lese.

- Og du skal vel framleis fylgje med i fotballen?

- Sjølvsagt.

- Det er mykje å snakke om, Rune, når det gjeld nyejobben din, men er det noko spesielt du ynskjer eg må ta med før vi går ut og fotograferer?

- Ja, eg ynskjer å få sagt at eg har gått ein god skule gjennom alle arbeidsåra mine i Møre-Nytt. Eg har stor respekt for det arbeidet som no tidlegare redaktør Erik Bergmann har gjort.

Kveldsarbeid har vel vore det som har kjenneteikna både Rune og underteikna sin innsats her på Hjørundfjordportalen. Det har nok sine minussider, m.a. når det skal fotograferast. Lystilhøva er ikkje dei beste klokka 0030 sjølv på ei midtsommarnatt. Fotoa ber nok litt preg av det.

Avslutningsvis må det nemnast at det dukka opp ei hittil ukjent side hos Herr Sæbønes – mannen er ekspert på krydderplanter. Han ville slett ikkje ta æra for alle dei vakre sommarplantene i altankassene, men ei av kassene tok han på seg ansvaret for – altankassa med krydderplantene.

- No står det berre att å lære seg å bruke dei, smilte han lurt til slutt.

IMGP5574 (Large)

Rune kan nok sine krydderplanter. Frå venstre: Grasløk, kruspersille, oregano, estragon, salvie, koriander og timian.