(Alle bileter kan klikkast på for å få stor versjon)
Kl.6.35 var sjåfør Bjørn Seterbakken på plass på Sæbø med 31 reiseklare personar som skulle til Tyskland. Turen gjekk no rett til Oslo gjennom Norangsdalen og over Strynefjellet til Oslo hamn, der vi skulle nå danskebåten ”Pearl of Scandinavia” til København. Her skulle vi også få 5 nye passasjerar til reisa. Det var Guro Haldis og Per Terje Holen, Knut og Anne Elisabet Aamås og Berit Hame som kom til.
![]() |
![]() |
![]() |
Vi møter dei nye | Kari deler ut bilettar | Sjåfør Bjørn Seterbakken |
I god tid før kl.16 kom vi til Oslo og no skulle vi om bord i ”Perla av Scandinavia”. Veret var i feriemodus og temperaturen var slik ein berre kan ynskje seg på ein feriedag. Kl. 17. var vi på veg mot København ombord i danskebåten.
![]() |
![]() |
|
Vi har gått frå kai i Oslo. | Ein flott kveld på Skagerak |
Vi opplevde ein fantasisk sommarkveld over Skagerak med sola som gjekk ned i havet. Etter vi hadde gått til køys vakna enkelte av oss av eit bråk i båten.Dette var uutholdeleg for nokre og mannskapet vart kontakta, men årsaka vart ikkje funnen før om morgonen og då var forklaring at her hadde vore laus ein ankerkjetting, noko som det vart litt diskusjon om etterkvart. Reiseleiar Kari var svært lei seg for denne hendelsen, men til all hell så hadde sjåfør Seterbakken lugaren sin plassert slik at han hadde fått den nødvendige søvn. Vi andre kunne no berre ”dubbe” av på bussen.
![]() |
![]() |
Klar til ombordstigning i København. | Ein pølseseljar skal på jobb søndag. |
Turen frå København gjekk utan noko slags dramatikk med ferje Rødby-Puttgarden, over til Tyskland. Kl. 17. inntok vi Schwerin. Etter ein tur innom ”Hotel Elefant” var det ein kort sveip over byen før ein betre middag.
![]() |
![]() |
Ferja frå Rødby-Putg. til Tyskland. |
Store vindmøller møter oss i Tyskland. |
![]() |
![]() |
Byvandring i Schwerin. | Torgplass |
Etter middagen var tida inne for å gå i for operaen der det pågår Slottfestspel, som byen har som attraksjon. Denne sommaren er det den verdskjende Carmen som går. Carmen er ein fransk opera skreve av Georges Bizet. Historien omhandler gatepiken og sigøyneren Carmen og hennar søken etter kjærleiken. Operaen har 2000 sitjeplassar til utescena og her var det nær fullt.
![]() |
![]() |
![]() |
Nær 2000 har kome. | Kjentfolk frå Norge. |
Ein luftbalong over slottet
|
![]() |
![]() |
![]() |
Carmen har starta |
Ei kjærleiks opera er i gong. |
Det endar med eit knivstikk |
Måndag gjekk turen til Leutenberg etter ein kort byvandring i Schwerin. I Leutenberg vart
det sein middag og installasjon for 5 døgn på ”Gasthof Garkuche” Dette er
heimplassen til Bruno Hame og her er vi godt kjende og hotellet har topp
service og mat.
![]() |
![]() |
Vi har kome til Leutenberg | Torgplassen med byggearbeid |
Vi koser oss no i Leutenberg og kjem att med nytt reisebrev…