Søndagsmorgon 20.juli, fekk bussjåfør Bjørn Seterbakken seg ein støkk når han såg bussen tidleg om morgonen.Bussen hadde vorte tagga på venstre sida og bak. Bussen stod parkert på eit avsides hotell i Leipzig så dette var uventa. Her meiner vertskapet at det skulle være trygt for hærverk, men desverre så fekk bussjåføren merke noko anna.

 

Tagging 2 20080720

Bussen hadde fått grøn sprayskrift både bak og på venstre side.

Etter tagginga hadde vore granska så viser det seg at dette er kanskje skuffa fotballsupportarar som har vore på ferde. Det hadde vorte merka uro utanfor hotellet i 6 tida.

Etter å kontakta ekspertisa i tyskkunskap i reisefylgje, om kva som stod i skroteriet, så kom Seterbakken til at den planlagde turen til Dresden kunne gjennomførast utan det ville være til noko skam for Fjord1.

Tagging 3 20080720

Politiet tok saka alvorleg og stilte med væpna politi. Reiseleiar Kari og sjåfør Seterbakken var sentrale i bevisopptaka. Hotellsjef med ryggen til.

Seiner på kveld kom politiet på plass og det vart etter tysk grundigheit teke opp bevismateriell og ein dugnad kunne settast igong utpå kvelden, for å gjere rein bussen.

Tagging 4 20080720

Ei ekspertgruppe tok saka og effektive rensmidlar vart brukt.

No var gode råd dyre og etter ei rådføring og prøving kom damene til at her måtte all neglelakkfjernar samlast inn, og dette fungerte bra. Utpå kvelden var bussen rein og fin og presentabel til å reise vidare i Tyskland.

Tagging 5 20080720

Prosjekleiar Anne Berit Riise Larson og  Berit Urkegjerde kom fram til desse fabrikata, som merka seg ut som dei beste til oppgåva.

 

Det er i skrivande stund ikkje kome inn noko melding til Fjord1 om at nokon mistenkte er innteken til forhør.