Som ved alle store snorklippingar var det servering av jordbær, cider, isbitar, og til tonar av Bondalsongen vart snora klippt, og turen starta.
Det var rekordstort oppmøte, og alderen på deltakarane var frå 14-65 år, og alle! gjekk heile runda.
Vi hadde små pausar undervegs, fyrst ei halvegs oppe, stemninga var lett sjølv om råsa er litt bratt.
Her er det pause ved trimposten ,der alle skreiv seg i boka.
Det var folksamt ved steinen, der posten ligg.
Her ein liten pust medan vi nyt utsikta mot fjorden, her kjem Hjellaråsa innpå.
Midt i skonndalen måtte vi sette oss å nyte utsikta, medan sola gjekk ned over Sæbø.
Her på veg ned Knutsgjølet rett før Storenakken, Gunnar leier flokken trygt fram.
Fellesbildet på Storenakken vart litt for mørkt, fotografen (meg) må vist lære å bruke blits ved motlys, men det er mykje på ein gong på eit nytt kamera!
Så vi får telle hauda og ramse opp dei som var med runda uten spesiell rekkefylje, Alvhild, Åshild, Solfrid, Kari H, Kari R, Randi, Inger, Kanutte, Knut, Helga, Torill, Hilde, Ann Helene, Marianne, Johanne ,Rolf Egil, Bodil, Bernt Arve, Marit, Ina, Jorunn, Maria, Gunnar.
Det var i allt 23 som gjekk frå fonnvernet, og alle var med heilt rundt!
Det er kjempebra!
Og medan sola framleis skein i fjelltoppane, tok nokre av oss eit forfriskande bad i fjorden til avsluttning.
Dei vakraste damene på "jorden"
Finn du i Hjørundfjorden
DETTE MÅ VI KALLE EIN VELLUKKA TUR!
Kommentarar
Dette fortente Gunnar verkeleg.