Sist søndag bestemte eg meg for å ta ein liten trimtur, men det gjekk ikkje så rakst som eg hadde rekna med - fotoapparatet hadde eg nemleg lagt i sekken...
Flesteparten av fotoa under vart tekne på denne fjellturen på søndag. Spørsmåla gjeld fuglar og blomar så det kan kanskje vere klokt å leite fram fjellfloraen og ei fuglebok
Klikk på fotoa og få dei i stor versjon
Spørsmål 1: Kva heiter fuglen på dei tre fotoa under?
(Tre foto og eitt fuglenamn - kor heng dette saman?)
Spørsmål 2: Kva heiter fuglen under?
Spørsmål 3: Kva heiter blomen under?
Det er altså snakk om den samne blomen( den kvite) på dei to fotoa. På fotoet til høgre ser du blada best.
Spørsmål 4: Kva heiter blomen under?
Spørsmål 5: Kva heiter blomen under?
Spørsmål 6: Kva heiter blomen under?
Det er den kvite blomen som her gjeld.
Spørsmål 7: Kva heiter blomen under?
Det skulle no bli sju spørsmål. Den første som svarer rett på alle sju, får som nemnt hjorundfjord.no si t-skjorte.
Administratoren vår, Ivar Svein Mo, er f.t. i Tyskland. Eg har ikkje spurt han om eg får lov til dette, men eg tek sjansen. Det minkar sterkt i t-skjortelageret vårt, men vi skal nok framleis klare å finne fram til ein storleik som passar - om enn kanskje ikkje den finaste fargen.
Og korleis svarer du? Du kan sjølvsagt legge att svara i ein kommentar under, men ynskjer du i første omgang å vere litt anonym og vil unngå at naboen kikar deg i korta, send svara til denne e-postadressa:
Og eit lite tilleggsspørsmål til slutt (det gjeld ikkje i quizen) - kva heiter fjellområdet der flesteparten av fotoa er tatt (Sjå på fotoet under). Det må nemnast at på toppen av dette fjellet har Sæbø IL si trimgruppe no sett opp ei svært flott og teneleg boks med ei bok i. Dette har trimgruppa også gjort fleire andre stadar. Flotte greier.
Kommentarar
Eg blir no borte nokre dagar, men eg skal fylgje med - om eg kan. Ingen har prøvd seg på løysinga til no. Kom med svara på dei du veit.
Her kjem mine svar.
1.Snøsporv, bilde 1 og 2 er hannfugl i sommerdrakt, bilde 3 er hann fugl i vinterdrakt eller en ho fugl.
2. ?
3. Fjellarve (Nellikfamilien)
4. Fjellveronika (Maskeblomstfamilien)
5. Fjelltjæreblom (Nellikfamilien)
6. ?
7. Moselyng (Lyngfamilien)
Her trur eg det må inn eksperthjelp.....
Larsa Knut? Er det heilt ferie tid eller kan du bistå her?
Etter det eg kan sjå har det no kome inn sju rette svar.
Nr. 1 er snøspurv. Dei første to fotoa er av same fuglen, eg er nok usikker på om det er hanfugl eller hofugl. Men eg er sikker på at det tredje fotoet er av ein ungfugl. Den masa nemnleg mykje på mat - og mat det fekk den.
Fugl nr. 2 er, som Anna Stokke opplyser, Steinskvett. Det er ein vaksen fugl.
Lisbeth Aklestad har sjølvsagt rett når ho meiner at blomen på spørsmål seks er kvitsoleie.
Dei andre spørsmåla har Hildegunn Mork rett på.
Kven skal så ha t-skjorta? Hildegunn har oppfordra til at oppgåva vert løyst på dugnad, og på den måten har også oppgåva blitt løyst. Likevel er det vel Hildegunn som bør få t-skjorta? Ho har tross alt tett svar på dei fleste spørsmåla. Er Lisbeth Aklestad og Anna Stokke samde i dette?
nesten alt.
Men eg skulle gjerne vite om det er ein svært vanleg fugl i fjellområda på Sunnmøre. Etter opplysningar på internett skal det vera ein fugl som står nær raudelista.
Om Steinskvetten er sjeldan her veit eg ikkje, men det er lenge sidan eg har høyrt den her nede i Bondalen. Likevel vil eg tru at i alle høve denne tida på året ikkje er så vanskeleg å høyre oppe i fjellet - eg høyrde den seinast innanfor Årsethornet i går kveld. Det er lyden av den eg kjenner att. Der kjem eit par kraftige "smattelydar", eller "tjakk" som det står i fugleboka. Så kjem der eit par plystrelydar. Dette er visstlokkelåten.
Når det gjeld kvitsoleien så ser eg ikkje den så ofte. Eg fotograferte den på ein tur til Langhornet inst i Kvistaddalen sist sommar. Det er den einaste gongen eg veit om at eg har sett den.
Og Hildegunn - send meg e-postadressa di, du.