Idag skal jentene spele kvartfinale, klokka 16.40 mot Lesja.

Gutane skal spele semifinale, klokka 18.30

Vi kjem tilbake til resultata, i kveld.

Gutane


Ei stond sida oppdatering, så her kjem ei ny.

Jentelaget har knust motstandarane og klart å komme seg til A-sluttspelet. Gutelaget har kjempa seg til B-sluttspelet, etter mykje feilinformasjon og krangling.

Gutane spelte mot lesja/dombås der dei endte opp med uavgjort (2-2). Så spelte vi mot statsbygd, der vi også måtte takke med uavgjort (3-3).

Før kampen fann vi ut at viss vi klarte uavgjort mot statsbygd, ville vi gå vidare til B-sluttspelet, så etter kampen jubla vi; Vi var vidare til B-sluttspel !

Då vi kom tilbake til skulen og sjekka resultatet på dataen, var vi plutselig ikkje vidare. Statsbygd slo oss på målforskjell. Vi forstod ingenting, så vi såg over resultatane på dei forskjellige kampane våra, og der fann vi ut at resultatet på russland-kampen, var forandra frå 0-3 til 0-5.

Då var det Statsbygd, som hadde klaga, og sagt at vi hadde tapt 0-5 mot russland. Men Rolf Egil gjekk å klaga, og sa at 0-5 var feil. Så dei sjekka "loggen" til dommaren; Der var kun 3 mål til russland oppført.

Så plutselig var vi vidare til B-sluttspel, igjen.

Idag spelte Jentene en kamp, og det gjor også gutane.

Jentene spelte mot tambarskjelvar, og dei vann med 1 mål i ekstraomgang, med golden goal. (Første som scorar vinn)

Malene, nesten mål

Malene med et skudd som går akuratt til høgre for mål.

Malene scorar

Malene har akuratt scora det avgjerande målet for jentene.

jublande jenter

Jublande jenter (+ lagleder og trenar)

Gutane spelte mot oppdal. Og dei snudde kampen frå 0-2 til 2-2 før kampen var ferdig, så dei måtte ha ekstraomgangar (2 * 5min). Ekstraomgangane var ikkje golden goal, men dei fekk smelt inn eit mål i den første ekstraomgangen. Det andre laget fekk ikkje til å score, så gutane vann 3-2.

Truls og Martin i angrep

Truls og Martin i angrep

Stolte gutar

Stolte gutar, etter ein spennande kamp!

Om kvelden reiste vi på peppes pizza, for å feire dei to seierane. Det var deilig med noko "skikkelig" mat, ikkje "flymaten" vi får til vanlig.

Kaffi tid

Kaffi tid for dei gamle

I morga går gutane for seier i kvartfinale, og jentene for seier i 1/16 finale. Vi kjem tilbake med resultata for dei kampane.