(Alle bileta kan klikkast på for å få full størelse)

Linda Eirin Eiken er 18 år og har sommarjobb som avløysar, eller som budeie, som vi likar helst å kalle henne når ho er på ein setrefjøs.

 

Linda 20080704

Om morgonen kl. 7.00 står kyrne klar for å verte mjølka.

Tross sin unge alder har ho vore fjøsavløysar i over to år, sidan ho var 16 år. No går arbeidsvegen frå Mo i Ørsta unna i ein Mercedes, men før ho fekk bilsertifikat måtte ho køyre lett motorsykkel. Det var ikkje greit til tider i snøkaven ein tidleg morgon med motorsykkel, fortel ho, og då måtte kjæresten, Lars-Erik køyre ho.

Linda 2 20080724 Linda 3 20080724

Medan sola skin inn fjøsdøra er kyrne på plass og det er gode tillitsforhold mellom budeia og kyrne. Så her er det ingen ting å frykte mellom store dyr.

-Og dette er noko du driv med heile året, Linda?

Nei, det er er berre på fritida og for å tene pengar om sommaren, for dei to siste åra har eg gått på Helse og Sosialfag i Ørsta og til hausten skal eg starte som lærling i Helsefagarbeidar ved Hjørundfjordheimen, og være der eit halvt år. Etter jul skal eg være ved Ørstaheimen.

-Har du vore avløysar over heile distriktet?

Ja, eg har vore i Bondalen, Åmdalen, Follestaddalen og Volda så arbeidsvegen kan være tøff til sine tider, men det er kjekt og eg trivst godt.

Linda 5 20080724 Linda 6 20080724

Sjølv om mjølkinga er hektisk med 4 organ, er det litt tid å vente for ei erfara budeie. Det er ikkje stress her.

-Mange lurer vel på kvafor ei ung jente vil ta på seg å være avløysar istadenfor å få seg ein annan sommarjobb?

Det er ikkje så mykje å velge i blant ungdom og ein butikkjobb kan eg ikkje tenke meg. Når ein er avløysar får ein styre med levande dyr og det er mykje til felles med det eg utdanner meg til. Startar ein tidleg om morgonen så kan ein få mykje fritid. I dag for eksempel gjekk eg etter morgonstelle opp på det det flotte fjellet ovanfor Vasstøylen, Langhornet. Det var bratt oppgjennom, men du verden for ei utsikt det var når eg kom opp. Det er berre heilt topp ein slike fin solskinsdag å kunne ha denne friheita.

linda sine 234

Ein tur på Langhornet i fineveret er topp. Her sit Linda og ser ned på støylen og ned i Bondalen.Fjella ein ser er bla.Grøtdalstindane.(foto Linda)

Her på Fellessetra er du heilt åleine om alt, og er det ikkje noko du må be om hjelp om?

Om eg treng hjelp så ringer eg på ein av eigarane som er heime og har som ei bakvakt. Det er ikkje så ofte eg treng hjelp. Men er det noko som feilar ei kyr eller viss eg ikkje får start på aggregatet, så må eg ha hjelp.

-Og kva er det som skal skje i eit fjøsstell?

Kl.7.00 startar arbeidsdagen med å få kyrne inn frå beite. Mjølka må være komen i tanken i god tid før mjølkebilen kjem kl.9.00. Enkelte kyr er sårføtte og kvier seg for å kome, og då må eg gå snart ein km. for å jage dei inn. Men dyra er så snille at det er berre kjekt å ha med dei å gjere. Etter dei er innkomne skal dei ha tilmålt med kraftfor og etter det er det klart for mjølking, og då må aggregatet startast . Straum må ein ha for å kjøle mjølk, varme vatn, lys i taket og få mjølkemaskinene i gong.

Linda set på 20080724 Linda 7 20080724

Mjølkinga går greit., og etter alle dyr er sjekka om dei er solbrende og smurde med solfaktor,  så skal dyra utatt på beite.

I solskinnet vert kyrne solbrende på spenane og då må dei smørjast etter mjølking før dei skal løysast og jagast utatt på beite.

Dei dagane det er mjølkehenting har eg også ansvaret for å vaske mjølketanken, og når dyra har beitt ned eit skifte, må dei flyttast.

Linda 8 20080724 Linda 10 20080724

Etter mjølkinga er det oppvask av mjølkeanlegg og utstyr, og ein sjekk av mjølka i tanken.Her er det klar for levering av nær to tonn mjølk neste morgon.

20080703_2954 20080703_2958

Etter fjøsstellet er ferdig er kyrne på beite att. Kyrne koser seg i kveldssola med Langhornet i bakgrunnen. Bilete th. ser ein nedover dalen med fjøsen i enden av dyrkamarka.

Om kvelden er det same oppatt kl. 18.30.

Etter denne perioda i Kvistaddalen skal Linda til Osdalen, ovanfor Kalvatn i Austefjorden, for å mjølke geiter.