Sølvi Britt Skylstad spør i "Forum" her i portalen om Øyelandet omfattar eit større område enn Øye.

Ragnar Standal skriv i "Gard og ætt", band 3, om dette: "Frå gammalt var Øyelandet nytta som eit samlenamn for heile området." Han siktar då til dei fire gardane (rekna frå fjorden) Øye, Norang, Norangshol og Skylstad.

Øye mot Urke

Austenden av Norangsfjorden: Gardane Norang t.v. for elva, Øye t.h.

Ragnar Standal meniner og at dalføret mellom fjordbotnen og grensa til Sunnylven ber namnet Norangsdalen, men namnet vert mest brukt når ein er komen litt opp i dalen (innom Skylstad).

Måleri Skylstad

Skylstad er austlegaste garden i Norangdal. Måleri: Eigar Sølvi Britt Skylstad

Namnet Øye (tidl. Øie) er namnet på den yngste garden(seinast busett) som ligg nærast kaia. Kaia fekk namnet Øye kai og det var ein grunn til at Øye-namnet vart mykje brukt.

Poststaden har aldri hatt namnet Øye. Frå 1891 var namnet Norangfjord, frå 1935 vart det endra til Norangdal. Frå 1.5. 1985 vart postkontora Norangdal og Urke slegne saman og fekk adressa Norangsfjorden.

Skrivemåten på dalen varierer mellom Norangsdal(en) og Norangdal. Ragnar Standal, Jon Hustad og Veiboka brukar genetiv s, mange på Øyelandet skriv utan genetiv s, Norangdal.

Paul Schmidt

Paul Schmidt

Paul Schmidt frå Skylstad er nok ein av dei med sterkast meining om kva Øyelandet skal heite. På eige initiativ har han sett opp solide skilt på kaihuset ved Øye kai og ved grensa til Synnylven med slik tekst: NORANGDAL. Med det presieerer han at Norangdal tek til ved fjordbotnen og dekkjer heile strekninga gjennom dalen.

Lars Kristian Norang har og klare synspunkt på ein del av namnebruken i heimbygda. Han grunngir sitt syn med tradisjonar i bygda og vanlege oppfatningar.

Lars Kristian Norang

Lars Kristian Norang talar under Lygnstøylstemnet i mai i år

Øye er ein av gardane i bygda på linje med Norang, Skylstad og Norangshol. Det var hoteldrivar Stub og lærar O. Standal som ivra mest for å bruke Øye (Øie) og Øyelandet. I Ørsta kommune finn vi Øye både i Follestadalen og på Vartdal og er svært vanleg på område ved rennane vatn - ved elvar t.d., seier han.

Lars Kristian såg helst at Norangdal vart brukt som namn på det som er meint å omfatte Øyelandet. Det knyter staden til Norangdalen, helst utan genetiv s, "men ein kan ikkje bli meir katolsk enn paven", så om det er med eller utan s betyr mindre.

Det er ingen gitt å formidle eit fasitsvar om kva som er rett og gale om namnet på den mest kjende turiststaden (utanom Geiranger) i fylket. Men skrivaren synest at Norangdal bør kome sterkare fram som bygdenamn. Ein tradisjon som vart etablert ved at postverket landa på Norangdal som namn på poststaden / bygda. Eg vektlegg at frå telefonkatalogen går det fram at mange både på Øye, Norang og Skylstad brukar Norangdal som underadresse.