Vi starta frå Sæbø 08.45 på laurdag. Alle var spente og klar for ei veke i sovepose og telt. Laurdagen gjekk med til å bygge opp leiren vår. Vi sette opp telt og lavvo.

100_0939

 100_0938

6.klassingane møtte Lars Ivar som flytta til Hjørungavåg for eit år sidan. Dei hadde mykje dei måtte prate om før dei kunne fortsette leirbygginga.

Vi bygde bord, kokeplass og feittfelle til å slå ut spillvatnet i.

100_0942

100_0946

Vi bygde og ein portal som ynskte folk velkomne til vårt område på leiren. Laurdagen vart avslutta med eit stort opningsleirbål der vi fekk høyre leirsongen for første gong. Dette var ein song som verkeleg sette seg fast, og både små og store gjekk stadig vekk å song:

" Tenn flammen i deg sjølv og sjå den stråle

For no er tida her og vi skal alle ha det bra

Gje bort eit smil og ta imot frå andre

På Gjermundnes 08 skal vi alle vere glad"

 

Søndag var besøksdag med gudsteneste og globalmarknad. Her stilte alle gruppene opp med ulike aktivitetar som kosta eit globalpund=5 kr. Vi kunne velje mellom: kaste svamp, kjøpe pølse med brød, leige nokon til å forfølge ein ven, drosjetur i tralle, spykasse ( ei kasse som vart tvinna høgt opp i tau, for deretter å tvinne seg nedatt). "Eg vart kvalm allereid på veg opp", sa Olai. Vår gruppe kokte 4 liter kakao og vart utseld etter 15. minutt.

100_0959

Stryn hadde laga sommarsklisenter og her hadde gutane det kjempekjekt. Kanskje ein aktivitet vi kan organisere i fonnvernet? :-)

100_0989

Pengane som kom inn gjekk til KFUM-KFUK sitt internasjonale arbeid.

Måndag og tysdag var aktivitetsdag der ein kunne velje mellom ulike aktivitetar på land og i sjøen: kano, kajakk, fiske, taubruk, riding, fjøsstell, klatring, flugebinding og mykje meir. Patruljene kunne også melde seg på fotball- eller kanonballturnering.

Dagane gjekk kjapt, vi hadde altid noko som skulle vere gjort. Mikkel og Karl-Erik laga arbeidsliste over fellesgjeremål, som t.d matlaging og oppvask

100_0963

Alexander organiserte bygging av sofa100_0964

Vi tørka ved, og sko.......

100_0949

Vi bada på ei flott badestrand med utsikt til Molde og hurtigruta?

100_0967

Litt avslappning fekk vi også pressa inn100_0993

Onsdagen kom det som mange grudde seg litt til: nemleg haiken. Her går patruljene på fjelltur og overnattar under open himmel. Kvar enkelt speidar må sjølve bere det han treng på denne turen. Gruppene vart utstyrt med kart og sende i veg på ulike tidspunkt. Vår gruppe starta kl. 17.00 og var framme på Vikesetra i 19.30-tida. Då var alle trøtte og slitne, men ikkje verre enn at Mikkel og Karl-Erik greidde å få dei med seg opp på næraste fjelltopp før kveldsmat. Då Bendik og Eve starta heimturen i 21-tida, var dei fleste snart modne for å finne fram soveposen og ta kveld.

Telefonen min ringde i det eg og Bendik skulle til å roe ned og ta kveld. Det var troppsleiar Mikkel som formidla felles ønske frå heile troppa: Kan vi få kome nedatte for å sove i lavvoen? Skyene med mygg var store og svarte, og ingen greidde å finne roa i soveposane. Etter avtale med dei vaksne som hadde ansvaret på Vikesetra fikk dei lov til å gå nedatte til leiren. Klokka 00.30 var alle på plass i soveposen. Siste rest av energi vart brukt til litt fnising og diskusjon om kven som hadde mest myggstikk, men etter ei stund sov alle tungt.

Dagen etter vart dei ikkje vekt før i 10- tida, men også det var tydeleg for tidleg for dei minste:

100_1013

og dei litt større...100_1014

Etter at alle hadde vakna og fått seg frukost, sette Alexander troppa i gong med å løyse oppgåva vi hadde fått. Vi skulle lage eit husdyr av naturmateriale. Vi kunne sjølve velje størrelse og utforming. Alexander tok ei sjefsavgjersle og bestemte av vi skulle lage ein hest. Han laga arbeidsteikning og tok kommandoen. Arbeidsinnsatsen var ei stund sterkt prega av strabasane dagen før, i tillegg var det svært varmt, men etter kvart såg dei kor flott resultatet ville bli.

100_1016

100_1018

Vi saga, spikka og kilte. Det var litt vanskeleg å få dei ulike delane til å sitte fast i kvarandre, og til slutt måtte vi låne ei boremaskin slik at vi fikk bruke kvistar til å tappe dei ulike delane fast til kvarandre.

100_1024

Sjølv Bendik vart sett i arbeid

100_1015

Resultatet vart utruleg bra!!!

God dag! Mitt namn er Blåndi......100_1054

...eg er ein reinrasa Bondaling.100_1056

Dessverre kunne vi ikkje ta Blåndi med heim og ho vart avliva på staden.

Torsdagskvelden var leiren avslutta med eit stort felles leirbål der vinnaren av konkurransa vart annonsert. Juryen kunne fortelje at det var ein soleklar vinnar, ingen over og langt ned til nestemann: Patrulja frå Sæbø hadde klart beste resultat.

100_1041

Etter at leirbålet var over starta riving og rydding av leiren. Leirområdet skulle leverast tilbake slik det var då vi kom. Gutane gjekk laus med stor innsats og då vi gjekk til ro for kvelden var det kun telta som sto att.

Vi var raske og effektive fredag morgon og bilane vart pakka fort og gale... Vi hadde ikkje meir plass enn vi trengde....

100_1062

... og som de ser var det med god grunn vi måtte sette att Blåndi.

Kl 10.00 var vi klar til inspeksjon. Området vart godkjent og vi kunne reise heim.

Ei flott veke var over, og det var godt å kome heim til seng og varmevatn i springen. Bendik og eg hadde det fint i lag med speidarane. Alexander, Mikkel og Karl-Erik var svært flinke som leiarar for dei åtte gutane dei hadde i patruljen. Dei ordna og organiserte alt som skulle gjerast på ein fin måte. Landsleir på Lista i 2010 må vere neste mål. Eg er klar, og satsar på at fleire foreldre vil vere med neste gong!