Øyadalen Kraftverk A/S har no kome godt i gang med kraftverksbygginga. Det har vorte gove ei røyrgate på snart 2 km rett til fjells,noke som sikrar det 86 Kh store kraftverket eit fall på omlag 420 meter.

jonsokafta2008_0629(014)

To makiner er i gang med gravinga. Det vert også gravd vidare frå Harpedalsvatnet og oppover til Smådalane for å lede vatn der i frå.

Harpedalen 007

Her er eit bilete av naustet ved Harpedalsvatnet før utgravinga.

jonsokafta2008_0629(016)

Og slik ser det ut no. Med eit skarpt auge kan de sjå murane av naustet litt til venstre for øverste del av betongelementa, taket er lagra i bakkrunnen.

jonsokafta2008_0629(036)

Vatnet er tappa under arbeidet, og eg hadde aldri drøymt om ein strandtur i Harpedalen. Ungane såg likevel det positive i det for der var mange fine steinar å finne. Ein steinsamlar hadde nok funne forskjellig, der var både glitrande og prikkete steinar.

jonsokafta2008_0629(027)

jonsokafta2008_0629(013)

Smådalsfossane er heldigvis som før, og tilsynelatande urørt. Eit nydlig fossefall verdt å oppleve. Eg håpar at med tid å stunder vil kjøttsåret i Harpedalen gro, og den vil bli nesten like god som før. Den som lever får sjå! Fjell, fjord, dalar og fossefall må ofrast for å få ei bærekraftig bygd, er det mange som meinar......