Ifull regnmundur bar det oppover i råsa,fyrste stopp ved mastene på lissehaugen.
Her nyt vi utsikta og regnbogane i bakgrunnen viste veg til skattekista!
Oppe på tuva har vi lagt trimboka i ei spann, som står ved ein minivarde, vi håper på godt besøk!
Praten går lett med oss damer på tur , sjølv i pøsregn.
her eit bilde av alle på tua, teke med sjølvutløysar.
Bodil, Johanne, kanutte, Ann Helene, og Jorunn.
Så litt av utsikta, her Sæbøneset.
Framover Bondalen.
Lekneset og Nordangsfjorden.
Vi avsluttar med eit bilde av Sæbøneset for det er Kanutte Strand som har teke bilde denne gongen.
Takk for turen!
Neste gong er det Gunnar - råsa opp og nedatt Storenakken .
Kom og slå deg med!
Kommentarar