Dagleg leiar i Urke Fiskeoppdrett AS, Nils Håndlykken, opplyser at innlastinga starta søndag formiddag. I dag tidleg, måndag, 21., var ein halv million smolt ombord etter å ha passert teljeapparatet på land og vidare i slange til "Ro Master" som låg ved flytebrygga som høyrer til fiskeoppdrettsanlegget..

Nils Håndlykken

Nils Håndlykken, dagleg leiar i Urke Fiskeoppdrett AS (Foto: Per Urke)

"Ro Master" er den største av åtte brønnbåtar til Rostein-reiarlaget i Harøya i Sandøy kommune, er på 2241 BT, lastar 2600 kubikkmeter og er 72 meter lang. Båten er eit halvt år gammal, velutstyrt og størst i verda då han vart sjøsett i november 07. Båten har heile Europa som operasjonsfelt.

REo Master fulllasta

"Ro Master" har lastemerket i vasslinja. Klar for avgang til Murmansk.

For å hjelpe til med samtalar og dokument mellom eksportør, farty, styresmakter og kunde i Murmansk, følgjer tolk med på turen heilt fram. Den kvinnelege tolken var og med under innlastinga av smolten på Urke.

Ro Master baug

Ro Master ved flytebrygga. Ved rekka står tolken Viola som syter for kommunikasjonen mellom russarane, transportør og leverandør.

Verdien av denne lasten er 5 mill. kr., dvs. 10 pr. pr. smolt. Dette er den største enkelthandelen i verdi Urke Fiskeoppdrett AS har fått i stand sidan oppstarten i 1985.

Smådalstindane og bygda Foto Bjørn Rønning

Urke med Urke Fiskeoppdrett AS i framgrunnen (Foto: Bjørn Rønning)

Det er første gongen Urke Fiskeoppdrett AS leverer smolt til Russland.  Mottaket ligg ved Murmansk-fjorden og starta opp for eitt år sidan.

Det er ein krevande kunde som stiller strenge, spesifikke krav til kvalitet på fisken. Både veterinæren til Urke Fiskeoppdrett AS, Mattilsynet og mottakaren sin veterinær er inne i prosessen med å få fram eksportløyve og dei nødvendige eksportdokumenta.

Nils Håndlykken opplyser at kunden krev dessutan ei oppfølgjing i etterkant. Denne lasten er basert på eit mellombels eksportløyve, men ein vonar å få på plass eit permanent eksportløyve. Eit godt resultat for kunden med dette partiet, kan gi grunnlag for seinare eksport.

Smolt er namnet på yngel av laksefisk som er klare til å flyttast frå ferskvatn til saltvatn ((leksikalsk opplysning).