I flott vêr vart det søndag  nokre svært så trivelege timar ved Dalsvatent (nei, det heiter ikkje Bjørdalsvatnet) i Bjørdalen.  Det var Åmdal Bygdekvinnelgag, Bjørdal Grunneigarlag, Landbruk - Skog, Ørsta Jeger og Fiskarforeining, Ørsta Røde Kors og Ørsta Reiselivslag som skipa til den årlege familiedagen.  Dette er eit svært så populært arrangemang, ikkje minst mellom småbarnsfamiliar.

Under familiedagen er det også lagt inn ein uhøgtidleg, men populær konkurranse.  Ein får utdelt eit spørsmålsark, går rundt vatnet der det er ulike postar og svarar på spørsmåla etter beste evne.

Turen rundt vatnet på tre km kan nok vere litt lang for dei  yngste som ikkje lenger har vogn å sitje i, men gode skudrar til far eller mor kan vere gode å ty til når det røyner på.  Og så er det pause inst ved vatnet der det vert servert brus, wienerbrød og kaffi...

IMGP5791 (Large)

Sikrar ein seg ei pølse vert det ein god start på konkurransen.

IMGP5789 (Large)

I motlyset ser vi frå venstre:  Syver Nupen, Silje Rekkedal, Sverre Børge Hjorthaug og Elisabeth Aam.  I vognene sitt og ligg dei håpefulle.

IMGP5719 (Large) IMGP5721 (Large)

T.v.:  Denne høna har visst fått i meste laget med mat.  T.h.:  Det er sjølvsagt stor stas å få ride på ein hest.

IMGP5721 (Large) IMGP5749 (Large)

Her må det vere skumle saker.  Kva er det vi ser her, undrar Mina(t.v.) og Ingrid.  T.h.:  Akkurat, det er i Bjørdalsskogen ein finn Bukkane Bruse og trollet.

På turen rundt vatnet såg ein ikkje berre troll og geitebukkar, men levande lam, grisar, kje, ein kalv, kyr og sjølvsagt hestar.  Men inst ved vatnet fekk i alle høve dei vaksne sitt høgdepunkt på turen - kaffi kokt i store svartkjelar.  Og kaffikokarane var som vanleg skogbrukssjef Svein Havåg og Roger Nedreklepp frå skogetaten.

IMGP5756 (Large) IMGP5763 kopi

Roger Nedreklepp er ikkje berre fagmann på skog, han kan også kaffikoking ute i det fri.  Til høgre tenner han opp ein ny trollprimus.

IMGP5757 (Large) IMGP5761 (Large)

Skogbrukssjef Svein Havåg på foto til høgre hadde mange han skulle servere kaffi til

IMGP5767 (Large)

Her ser vi dei to populære herremennene inst ved Dalsvatnet.  Roger til venstre, Svein til høgre.  Svein Havåg opplyste ellers at det var siste gongen han serverte kaffi her som skogbrukssjef.  I oktober fyller han 65 og då vert han pensjonist.  (Men kanskje er Roger skogbrukssjef neste gong?)

IMGP5759 (Large) IMGP5775 kopi

Matpause i ein gapahuk og smågristitting er ein fin kombinasjon.  Det er mykje kjekt langs vegen.

IMGP5781 (Large)

Tippa du at denne kalven vog 45 kg hadde du heilt rett

IMGP5787 (Large)

Etter ein lang tur rundt vatnet var det godt å få ta seg ein tur i kjerra til Tormod Bornstein

Tur rundt vatnet, eller ikkje - aktivitetane var mange.

IMGP5793 kopi IMGP5807 (Large)

Båtur med Børulf i Røde Kors eller kanotur med mamma og pappa, vala var mange.  Fiskekonkurranse var der også

IMGP5798 (Large)

Mange kosa seg ved vatnet

IMGP5801 (Large) IMGP5806 (Large)

Nokre bada også, men Ella (t.h.) ville teste vatnet først

IMGP5796 (Large)

Når ein så fekt kjøpt  rjomegraut og nysteikte sveler til slutt, vart dagen nærast perfekt.  Det meiner i alle fall denne mannen...

IMGP5797 (Large)

...sjefen over nesten alle sjefar, Bernt Arve Hustad.