Pr. i dag 11. juli er det ikkje landa ein fisk framom Årset-elva. Som er gyte-området!
Dei om lag 100 fiskane som er tekne i elva er i hovudsak på flugesona på Hustad og på Kvistad/Frøland.
Der "florerar" følgjande ulovligheit....
I samband med utskiftinga i elva vart det i dom bestemt at bruk av polaroidbriller er "forbode i samband med fiske." Kvifor grip ikkje grunneigarar inn og kontrollerer dette? (I og med at det er dom på det, kan kven som helst politianmelde....)
Dessutan er det, som eit apropos, ulovleg å fiske frå bru i samsvar med "vegtrafikk-lova."
Kor lenge skal vi som er så glade i elva vår, og som freister tenkje framtidig, finne oss i blant anna dette?
Kommentarar
Avdi det var ei mistyding, vert ryktet med dette lagt dødt.
Fisken er kome attende i "folden," teke på Kvistad.
Så det fantastiske fisket lengst fram i elva var berre oppspinn....
Pr. i dag 15. juli er det difor framleis ikkje teke fisk framom Årset-elva.
Utviklinga i elva ser vi no på nært hald og noterar oss kva som skjer.
Personar/grunneigarar som ikkje på nokon måte, sett bort frå det økonomiske, har den minste aning om korkje fortid, notid eller framtid i elva(synast det),er det som regjerar.
Når dei same let seg styre av ei meir og meir "sjølvbestalta" gruppe som ikkje på nokon måte har elva si framtid i tankane, er det ikkje underleg at mismodet tek ein.....
Mitt arbeid generelt, og mot oppdrettsnæring i Hjørundfjorden spesielt, heng nøye saman med alle mine innlegg og kommentarar her på portalen.(Også i kveld.)
"Alt heng ihop med alt," og eg freistar knyte det ihop etter beste evne.
Vi kjem imidlertid ikkje langt korkje mot oppdrett eller øydelegging av villaksstammen våre om vi ikkje først tek tak i det nære.
Min "agenda" har eg ikkje lagt skjul på.
Det er å overtyde ansvarsmedvite bygdefolk/grunneigarar om at elva frå neste år,i større grad enn i år, vert forvalta slik at vi kan omrøme oss med tanke på å byggje oppatt laksestamma i Bondalselva.
Slik kan vi syne ansvar utad og peike på Bondalselva si mektige fortid som igjen kan verte framtidig realitet.
Det føreset bl.a ein realitet av overskrifta.....
Syner vi ikkje veg sjølve, kan vi ikkje krevje at andre gjer det.
Helsing Helge Strand
(Om ikkje grunneigar aldri så mykje...)
No er det i alle høve attende i same stand som i går.
Det ropast opp om at villaksen er attende.
Gjev det var så vel, men løgn alt saman!
Ropa kjem frå oppdrettsnæringa med fleire.
Etter som fokus meir og meir vert sett på dei, treng oppdrettsnæringa ei redningsbøyge.
Det mest skremande er imidlertid grunneigarar og "andre" som ikkje ser skrifta på veggen, men skyv i økonomien sitt namn problemet føre seg i retning "null-punkt" som i Bondalselva.
I tillegg som eg før har sagt manipulert av "selvbestalta krefter....."
I elva "vår" er det i den fantastiske sesongen 2008 fram til i dag 26.juli i samsvar med fangstdagbok (som i fjor) teke 197 fiskar. Av dei 59 pjakk.
Ein (snill) gjennomsnitt på 3-3,5 kg gjev om lag 650 kg. No er det 5 dagar att av sesongen, og med lita vasstand vert dei få attverande nok tekne.
Lat oss difor seie mellom 650 og 700 kg i totalfangst.
I fjor vart om lag 700 kg teke ifølgje den "forsvunne" fangstdagbok. Fisketidan var noko lenger i jakta på "den siste gytefisk."
Statistikk er imidlertid statistikk,....eller er det sant?
I bladet "FISKE" som vert lese av fleire hundre tusen lesarar, var statistikken for Bondalselva i 2007 1100 kg laks og 400 aurar med ei gjennomsnittsvekt på 1,1 kg(!)
For det "Norske folk" med interesse for fiska laks/aure i vassdrag vart det i Bondalselva i fjor oppfiska nær 1500 kg.
Fangstdagboka for i år syner pr. i dag om lag 650 kg....
P.S
Bondalselva er ei pjakk-elv i hovudsak. Storleiken 1-3 kg er omtrent vekk. Fisk frå 3 kg til vidare har få sjansar.
No er elva lita, og dei få attlevande vert forfølgde og overleverte "frå den eine til den andre." Inntil han ligg kald.
Kva gjer så det evnelause styret i Elveigarlaget? Ikkje noko!
Kontroll av "polaroid-mafiaen" skjer ikkje.
Ein fisk pr. kort og 2 fiskar pr. 24 timar er ein vits så lenge ikkje kontroll vert utført.
Som "utanfor-betraktande" må eg seie at formann og medlemmar i styret må innrøme sin inkompetanse og trekkje seg før dei vonleg vert kasta....
Frå ein sedvanleg "ikkje-grunneigar."
Helge Strand