IMG_7830

Italienske Sella kjem først opp bakken mot Alpe Pampeagio i Val di Fiemme. Ein kan seie det er eit visst folkeliv rundt dei store sykkeklassikarane.

 

I 2003 var Alf Ole Aarseth, Vidar Holen og artikkelforfattaren på Tour de France. Det var ei stor oppleving, spesielt å oppleve keisaretappa opp dei 21 hårnålssvingane til Alpe d`Huez. Då heitte vinnaren Iban Mayo. Han er seinare teken i doping.

Likevel er vi tre karane opptekne av sykkelsporten, og kanskje aller mest folkelivet rundt dei store etapperitta. Difor ville vi oppleve dette igjen, men då med å skifte beite til Italia. Der var vi i mai i år.

Det vert sagt at sommar-OL er verdas største idrettsarrangement og VM i fotball nummer to. I publikumstal er Tour de France suveren nummer ein, og Giro nummer to. Den gongen vi var på Alpe d Huez-etappen i 2003 er det kalkulert med at kring ein million stod langs løypa dei siste elleve kilometerane.

Denne artikkelen vert ikkje noko reisebrev, men meir ein fotoreportasje. Viss nokon saknar bilete av Hushovd og Arvesen, er forklaringa enkel. Dei var ikkje med. Men aller sist er det med nokre bilete frå TdF i 2005, der artikkelforfattaren var og såg ein etappe, til Courchevel.

IMG_7741

Her er Alf Ole og Vidar på Passo Manghen i Dolomittane. Det høyrer med at ein skal rekognosere ei fjelletappe i Giroen eller Touren dagen før. Her vert det slått fast at syklistane skal opp ei stigning på femten prosent - i femten kilometer. Vi er på 2053 moh.

IMG_7786

Syklistane har si langesone undervegs i rittet der dei må ta inn føde. Her har vi vår, i vår spasertur oppover i Dolomittane. På menyen står øl og spekemat. Det siste er ein spesialitet for Dolomittane, noko ikkje minst Margrethe og Bjarne på Rekkedal Gjestehus har oppdaga.

IMG_7797

Tidleg krøkjast. Her får ein bambino si første Giro-oppleving, dregen opp bakkane i ei spesialvogn. Fargen er sjølsvagt rosa, Giroen sin farge. Touren sin farge er gult.

IMG_7825

Det gjeld å bu seg til syklistane kjem forbi. Ikkje ein campingstol, og heller ikkje ein krakk, men ein benk må det vere.

IMG_7879

Rittet passerer oss. Dette er forfølgjarane med laget LP Breakes i spissen. Her er føreåtfavoritten Danielo de Luca (nr. 3). Men de Luca brenn krutet for raskt i årets giro, og det er Alberto Contador (vi ser han så vidt med plaster på nasen) som vinn Giroen samanlagt. På biletet er også Ricco (nr. 5 viss ein tel frå front og til høgre). Han vart nummer to samanlagt, og han har så langt imponert i TdF med to etappesigrar og innehavar både av klatretrøya og ungdomstrøya (under 25 år).

IMG_7854

Verdsmeister Paulo Bettini syklar i verdsmeistertrøya (den kvite), og han slit veldig. Han har stått over TdF i år for å konsentrere seg om OL, der han er tittelforsvarar.

IMG_7833

Sella på sikker kurs mot etappesiger, sjølv om ein publikumar vert litt for nærgåande. Sella vann klatretrøya i Giroen i år.

DSCN0108a

Og så nokre bilete frå TdF, eller Tour de France. Bileta er frå Courchevel i 2005, og dette biletet viser frontbilen i karavanen. Karavanen er ein bilkortesje som ligg om lag ein og ein halv time før rittet, og der sponsorane presenterer seg. Hovudsponsor for TdF er Credit Lyonaisse. Det er ein bank, og firmafargen er gul. Difor er leiartrøya gul. I giroen er Gazetta della Sport, den rosa sportsavisa, hovudsponsor. Og difor er leiartrøya i giroen rosa. Karavanen er om å gjere å få med seg, for då vert ein også kledd opp. Det haglar med luer, flagg, paraplyar osb.

DSCN0161a

Thor Hushovd førebur seg til start frå Courchevel. Hushovd har seks individuelle sigrar i TdF, og er ein av sykkelsporten sine store stjerner. Men han har problem i bakkane. Der er han for tung...

DSCN0152a

Kurt Asle Arvesen er ein fantastisk syklist. Men han er ein allroundar, og difor er han først og fremst ein verdsett hjelperyttar. Difor varma det ekstra at han onsdag endeleg vann ein etappe i TdF. Arvesen er også vinnar av to etappar i giroen, og i OL er det truleg han Hushovd, Edvald Boasson Hagen og Gabriel Rasch vil køyre for, då løypa er perfekt for eresfjordingen. Noreg har forresten aldri stilt med noko betre lag i eit meisterskap.

DSCN0149a

Til slutt, kongen over alle sykkelkongar, Lance Armstrong (Vel, kanskje må Eddy Merx også takast med her). Armstrong vann VM i Oslo i 1993, fekk kreft, kom tilbake, og vann TdF sju gonger på rad. Han er ein av verdas fremste idrettsutøvarar alle tider. Dopa? Ingenting er prova.

Men legg merke til guten som her får autograf. Det som er så spesielt med sykkelsporten er at her får publikum kome fram og helse på stjernene. Det er ingen hindringar, og alle arrangement er gratis med unnatak av akkurat ti meter før og etter målstreken. Skal du på giroen eller touren, er det berre byrje å planleggje. Giroen er i mai, toruen i juli. Grip sjansen. Det er ei oppleving.