Vi gjer elles merksam på at den nye bålplassen gjerast mindre enn den gamle, og vi må alle mate bålet mindre enn det vi har gjort tidlegare år. Bruk derfor bålplassen med omtanke. Det som skal til VØR må leverast til VØR og ikkje leggast på bålet.
Med helsing
Hjørundfjord Bygdemobilisering
Sæbø-gruppa
Jonsokbål er ikkje eit båsbå (08.06.2008 kl. 13:11)
Man må ikkje la folk levere noko uten at dei har avtale om levering og kontroll med kva som blir levert til eit jonsokbål.
Det skal no ikkje så mykje matrial til å lage eit bål på 4-6 meter høgde.
Det skal no på både einer og grønt.
Tang brukte dei i båla før.
Det er også viktig at alle setter opp bålet etter kvart ellers må man flytte alt for å begynne oppsettinga på nytt.
Å lage eit jonsokbål er en kunst då det skal tenne mitt i og komme jamt og fort opp.
Tunell under bålet med papirkasser i mitten til å tenne bålet med var vanlig før.
Røyk skal det vere og då er grønt viktig så ikkje ilden bryt ut for fort
Spraking av einer bør det vere.
Raud einer inne i bålet for at bålet skal komme fort og grøn einer for å lage røyk.
Perry Bjørke
Takk Bjarne (07.06.2008 kl. 13:45)
Takk for godt innspel, som vi tar med oss vidare. Vi ser det same som deg, og var skuffa sjølve då vi såg kva som var dumpa. Noko av ufordringa er at Sæbø manglar avfallsplass for hageavfall, men vi bør alle finne andre løysingar enn Kapteinkvia. Ein plakat bør vi få til - og håpe at den blir respektert.
Hilde Muren
Bålplassen (07.06.2008 kl. 11:16)
For nokre dagar sidan såg eg på den nye bålplassen. Då vart eg skuffa. Plassen var allereie overfylt av hageavfall og store treflaker og utenfor plassen hadde nokon lagt fra seg ei stor Rodedendron !! Slikt brenn ikkje. Hageavfall bør forbydast og byggeavfall må ikkje vera større enn ein Europalle. Set opp plakat med regler, hvis ikkje kjem også denne plassen ut av kontroll
Bjarne Hustadnes