Kommunen har måla og skifta ut sanitæranlegg, og etter det vi forstår ønskjer Statens Vegvesen å kjøpe ei reinhalds- og tilsynsteneste lokalt. Kanskje i regi av Grendalaget.
Dette er ei sak som Grendalaget har arbeidd med i mange år, og som det no ser ut som det er blitt ei løysing på. Mellom anna med hjelp frå Bygdemobiliseringa.
Takk til kommunen som promte tok ansvar for oppussing då dei vart kontakta og til Statens Vegvesen som bidrar til løysing av reinhald og vedlikehald.
Kommentarar
Toalett-tilhøva på Sæbø har i årevis vore ei skam, men endeleg er toaletta pussa opp.
Grendalaget står vel bak, men eg trur ikkje det har vorte gjort om ikkje Hjalmar "Hjallis" Aklestad tok tak i det og sytte for rørleggar-arbeidet.
Den same "Hjallis" har lagt ned mange dugnads-timar på lokale i bygda og vore til hjelp for mange elles.
Difor nyttar eg dette høvet til å gje han velfortent ros.
Då eg styrte og stelte på klekkeriet, var det "Hjallis" eg måtte vende meg til om noko praktisk med vatn og røyr skulle gjerast. (Og det forekom ofte.)
I løpet av kvar kveld i ei heil veke jobba han gratis og "oppgraderte" klekkeriet med nye rognkasser, vassrøyr og renner.
I tillegg ordna han for ein billeg penge frå Kleven Skipsverft ei pumpe som sikra vasstilførsel i fall vatnet skulle svikte i kumane med stamlaks. Som dei gjorde ved eit par høve.
Du gjorde ein franifrå jobb, Hjallis!
På "mimregubbenes" daglige spasertur i retning Sæbøneset måtte ein av oss av "prostata-grunnar" søke tilflukt i det då på første dag opna toalettet.
Avdi skåla av ymse grunnar ikkje var heilt ferdig, måtte vedkomande nytte alternativet. Etter endt ærend påsto den "frekvendterande" (vanskeleg ord?) at han syntes høre Springsteen i det fjerne.
Difor fekk både bøtta og vedk. namnet "The Boss."
Vi utanforståande var elles ikkje heilt sikre på om ikkje låta kom frå Prestegarden.
Men ei rask avstemming tilsa at sangeren event. då måtte vere "The lost......."
Glade og stemningsfulle gjekk vi så vidare på vår "problemfrie pensjons-verden," der blodtrykk, kolesterol og blodsukker synast vere i galopperande harmoni med fuglesong og hoppande villaks.........
1. Dei er ikkje offisielt opna.
2. Vegvesenet ønskjer å kjøpe reinhald og vedlikehald lokalt og ønskjer ein samarbeidspartnar som tar ansvar for dette arbeidet.
3. Det er ikkje avgjort om toaletta blir låst om kvelden.
Artikkelen over er korrigert med den nye informasjonen.
"Ikkje avgjort om toalettet blir låst om kvelden."
Denne parodien må det no verte slutt på!
Eit par toalett på høgst 10 kvadratmeter skal det vere så vansleleg å halde i orden!
Er det så vanskeleg å å ordne reinhald og vedlikehald, skal eg ta det på meg i sumar.
Det får då vere grenser til idioti!!
eg tek til i morgon!
Ikkje alle gjer slikt uten løn i dag.
Når ingen har fast ansvar for at det blir vaska så blir det fort lite vask.
Eg vasker Haukly av til 3 ganger i uka og
4 toalett har vi som må vere i orden.
Eg bruker 3 timer åleine.
Alt på dugnad for laget.
Anne-Mone