Namnet Underverket er kjent mellom eldre på Urke. men har etter kvart gått i gløymeboka. Under Heimkome-helga i fjor stilte 90 år gamle Torstein Urke frå Vegsundet med ein stein som var funnen i Underverket og han beskreiv det for oss som var der slik han hugsar det som 12-åring.

Kalsitt 1

Torstein hadde med denne steinen: Kalsitt-krystallar (midtfeltet) med stilbitt-krystallar over og under

Med dette utgangspunktet og med nysgjerrigheit og granskarblikk, skal vi invitere til Underverkturen som startar laurdag, 9. august ved butikken på Urke.

Underverkvegen3

Start ved innringinga t.v. Vi køyrer Urkedalen forbi Haukåssætra og følgjer stipla lilla line framover Langsæterdalen til Steinreset. Kanskje ikkje fullt så langt opp som raud sirkel? (KLIKK på biletet for å få stor utgåve!)

Underverket ligg eit stykke utanfor den vanlege råsa til Slogen og det er svært få som veit eksakt kvar det ligg. I løpet av sommaren skal Helge L. Urke, som vert vår guide, undersøkje saka nærare. Vi trur det ligg mellom Isavatnet og raud sirkel. Stigninga frå der fotturen startar og til Underverket er dermed omlag 750 høgdemeter, og det er ikkje avskrekkande!

I botnen av Underverket skal finnast eit avløp som drenerer vatn, og vi vil prøve å finne ut kvar den underjordiske gangen endar.

Eivind Urke, son til Torstein, har sendt meg nokre bilete frå Underverket, og vi forstår av dei at det er snakk om ei kløft eller rivne i fjellmassivet, opptil 3-4 m djup.

Underverket 5

Kva interessant kan finnast her?

Vi legg ikkje skjul på at noko av gevinsten med denne turen er at vi kan få med personar med omfattande geologisk kunnskap. Både leiar i ÅOG, Siw Brandal Godø og foreninga sin fremste ekspert innan geologofaget, Einar Fivelsdal, har uttrykt at dei gjerne vil vere med på turen.

Einar Fivelsdal

Einar Fivelsdal, geologieksperten i ÅOG, blir truleg med.

VEGAR TIL STEINRESET

Med utgangspunkt i at ein blir med frå butikken på Urke kl. 10:

Om Magerholm, Sykkylven, Stranda, Hellesylt, Tryggestad, Norangsdalen: For morgonfuglar: Knapt 10 mil frå Ørsnes. Maks. 1 t 30 min. Flott tur. Utan overnatting.

Om Solavågen, Festøy, Ørsta, Sæbø - ferje Leknes:  Må ta kl. 8.45 frå Sæbø til Leknes og det tilseier vel overnatting på Sæbø eller Ørsta. Men tek ein kl.07.10 frå Solavågen, har ein god tid til Sæbø kl. 8.45. Det er 2 km. frå Leknes til butikken på Urke.

Eit anna alternativ:

Fottur frå Stranda til Steinreset:

Køyr til Stranda, framover dalen til vegskilje Engeset. Forbi Engeset med parkering på Liasætra. Med start kl. 9 /9.30, skulle ein vere ved Underverket omlag samtidig som vi som går frå Urke. Ein kan og starte frå Liasætra fredag og overnatte på Patchell-hytta (Sunnmøre Turistforening /nøkkelordning / sjekk sjølv) og følgje stien som kjem opp frå høgre biletkant til Underverket. NB! Kanskje eit stykke nedovar mot Isavatnet.

Kontaktperson for turen til Underverket:

Per Urke: Telefon 951 00 583. e-post: per.urke@adsl.no

Vi ønskjer å ha eit visst oversyn over deltakarar, så ta gjerne kontakt på førehand.