Planetariumet er stort og krev mest heile gymnastikksalen i Grendahuset.

T.Urkefoto2

Stjerneteltet under oppblåing. Torbjørn saman med to forventningsfulle jenter som snart skal få krype inn tunnellen og titte mot himmelen.

Inne i teltet er det rom til inntil 25 personar og vi reknar med å dele publikum opp i puljer for at alle skal få sleppe til. Det gjer vi enklast ved å notere seg på lister som skal hengast opp i gangen i Grendahuset.

Innvendig har Torbjørn utstyr til å projisere stjerner, stjernebilete, planetar og månar og han orienterer slik at du i løpet av økta kan få langt meir forståing av denne "mystiske" himmelen som alltid kviler over oss. Torbjørn tilbyr innslaget som ein gest overfor heimbygda og dei som møter under URKE-HELG 2008.

Torbjørn var tidleg ute og kjøpte dette utstyret. STARLAB kan pakkast på ein liten biltilhengar og blir pumpa opp med elektriske luftvifter.

Starlab 2

Her ser du eit "røntgenbilete" av Stjerneteltet. T.h. er inngangstunnellen og i det mørke feltet ser vi inn der publikum sit og lyttar til instruktøren si orientering om det som visast på himmelkvelvingen i taket.

Store og små: Velkomne til Urke andre helga i august!