Eg trur det er tid for å gjere merksam på at dei utanlandske og ynskte fisketuristane kan ta med seg 15 kg filet pr. person. Det tilsvarar nær det 3-doble fersk fisk.Reglar vedteke av regjeringa og som er landsomfattande.
Det er vorte sagt meg frå påliteleg hald ( eigne røynsler og) at denne grensa brytast i Hjørundfjorden. Og til dei grade!
Når ein samstundes veit at garn, line og teiner ofte vert stilt til rådvelde frå turistvertane, er det på tide å slå alarm. Utlendingar som vitjar oss kan berre fiske med handsnøre. Slik er reglane. Ståande reiskap som garn, line og teiner er forbehalde norske statsborgarar.
Utleige-vert har ansvaret har ansvar for å klargjere reglane for dei som dei leiger ut til. Dette er viktig vert oppretthalde. Ei ynskt og aukande tilstrøyming av fisketuristar gjer at reglane MÅ haldast! Om ikkje misser vi troverdigheit i vår satsing på bl.a fisketurisme.
Eg kjem til å vere særs merksam på dette frametter.....
P.S Kvota på 15 kg filet gjeld ikkje villaks. Her er det inga øvre kvote. Ein "apropos quiz" må då vere. KVIFOR?
Villaks og kvote. (13.06.2008 kl. 15:53)
(Diverre vart det igjen trykt på ein tast som det ikkje skulle......)
Eg prøver igjen.
Eg må innrøme at eg ikkje har konkrete svar på kvifor villaks ikkje er innlemma i kvotesystemet.
Men eg har mine teoriar som ikkje er ulike dine, Arnfinn.
Eg ringde nett no Fiskeridepartementet. Vedkomande eg traff kunne ikkje gje svar, men eg vart lovd at det skulle sjekkast opp, og melding skulle eg få på måndag.
Han trudde det tillag Miljøverndepartementet og ville kontakte dei.
Her er mykje "snusk" ute og går som Arnfinn påpeikar. Det må takast tak i avdi det bør vere av interesse for alle partar.
Hummar og kysttorsk vert no seriøst vurdert å totalfrede. Kva så med villaksen på våre kantar som er like utrydningstruga? Burde ikkje han og no vere i same kategori......?
Helge Strand
Fiskeeksport (13.06.2008 kl. 08:38)
No skal ikkje legge meg ut på ei analyse om grensa er ein smule lav, og om ein egentlig tjener noko på turistar som kjem til landet med ein varebil full av alt dei treng i to veker, og dreg frå landet med ein varebil full av fisk. Men i fjor sommar såg eg ofte varebilar som var heilt nedlessa på veg sørover. Som regel tyske eller tsjekkiske skilt, og dei VW eg såg vil eg anslå hadde rundt 1000kg med last etter kor mykje fjørene var pressa saman. (har samme type bil sjøl) Ein kvar tufs på grensa burde ikkje ha noko problem med å blinke ut desse bilane og ta dei inn til kontroll.
Men det var vel laks då i bilane kanskje?
Kanskje det er lovleg sidan ein tollar ikkje klarer å sjå forskjel på oppdrett og villaksfilet, og at vi ikkje kan ha tollreglar som hemmar eksporten av oppdrettsfisk?
Arnfinn Mork