
Alfred Sæbønes nikkar inn mål. Faktisk eit av dei få måla han skåra med hovudet. Er han sjølskriven på Sæbø All Star Team?
Anton Sæbønes har følgt Sæbø-fotballen i ei årrekkje, og han er med unnatak av eit punkt (reservemålvakt) ikkje i tvil om laget.
Han har sett opp favorittlaget sitt i ein 3-4-3-formasjon:
Rolf Egil Riise
Henning Nydahl - Rolf Strand - Annfinn Holen
Roger Holen - Alfred Sæbønes - Knut Holen (Tamsen) - Per Sæbønes
Jarle Walseth - Normann Dimmen - Johan Hjellen
Innbytarar:
Njål Rønning (Ivar Tryggeset (i tvil)
Lars Johan Sæbønes
Svein Inge Sæbønes
Helge Strand
Trenar: Terje Kjøde
Ver med og avgjer Sæbø All Star team her på portalen. Vi er ute etter laget og trenar.
Eit litt alternativt lag (16.06.2008 kl. 00:21)
Ordskiftet om nærliggande - og relevante - tema ser ut til å vere avslutta. Eg går tilbake til utgangspunktet for artikkelen, og legg inn mitt forslag til tidenes Sæbølag.
I den tida eg følgde med var det, i tillegg til Kathrine Nydahl, tre - fire store talent i Sæbøfotballen. Alle desse er med på laget. Eit lag som er uslåeleg når alle har dagen, men som er langt frå å halde ein heil sesong.
I 3-5-2-formasjonen er Thorleif trekt ned som back. Tor og Jens ordnar balanse på midtbana, slik at dei fem andre offensive spelarane kan slå seg laus:
Keeper: Rolf Egil Riise.
Forsvar: Svein Sæbønes – Rolf Strand – Thorleif Håndlykken.
Midtbane: Arve Johannessen – Jens Forbord – Bård Forbord – Tor Nordang – Jørund Walseth (spelande trenar).
Angrep: Jarle Walseth – Sverre Hustad.
På benken (ikkje les dette, Normann): Dagfinn Strand – Lasse Sæbønes – Roger Holen – Normann Dimmen – Georg Håndlykken.
Mvh Roar Kvistad
Roar Kvistad
Ukjend problemstilling (11.06.2008 kl. 00:38)
Eg har sjølv ein som som spelar på G 14 til Sæbø IL. Laget heiter altså G 14, men der er i alle fall tre jenter som spelar fast. Eg har aldri høyrt eit negativt ord frå nokon av medspelarane til jentene om at der er jenter på laget. Eg trur kort og godt at det er ei uaktuell problemstilling om der skal vere jenter eller gutar på det laget. Trenarane Emile og Trond har fått til eit godt lag av gode spelarar og eg trur eg har rett når eg hevdar at det ikkje vert teke omsyn til kjønn. Og berre så det er sagt - Sæbø G 14 vann mot Hovdebygda i dag.
Knut Hustad
Roleg no kara..... (10.06.2008 kl. 23:58)
Rune: Eg har ikkje kommentert utstillinga, som du korrekt bemerka fekk eg ikkje anledning til å være på Hjørundfjorddagane i år.
Og det var ikkje Anton sitt fotballag som provoserte fram raudstrømpa i meg. Han er vel den som har beste grunnlaget for å uttale seg av alle, sidan han fakisk har vore med frå starten med ein solid innsats for Sæbø IL. i 75 år.
Det er mange som har lagt ned mykje arbeid for fotball på Sæbø, både som aktive spelera og støttepersonell. Og ære være dei for det.
Sett opp Tidenes A-lag dokke som veit kven som spela og korleis - det har eg ingen peiling på.
Men tenk over at fotballspelarane i dag er av begge kjønn, og at også jentene kan bli tatt med. Merkeleg at ein "sur" kommentar som eg faktisk bad om unnskyldning for gjorde folk så opptrekte.
Trur mest den traff mål......
Eva Aarskog
Einig.... (10.06.2008 kl. 00:21)
Skivebom totalt!
Underteikna spelte i sin ungdom på kretslaget for Møre og Romsdal, saman seinare med landslagsspelane "Kallen" J. og Arnfinn Espeseth i mi periode i Ålesund.
Skal eg difor "påberope" meg fast plass på "tidenes lag" på Sæbø?
Nei, dette er for hysterisk og dumt, og vel ikkje meint slik?
Helge Strand
Heider til Kathrine ! (10.06.2008 kl. 00:07)
Sjølvsagt skal Kathrine Nydahl ha heider for innsatsen sin på fotballbana og NM-gull for Røa. Ingen andre frå Sæbø-fotballen har kome så langt, og alle som er interessert i fotball skjønar at det er ei stor bragd.
Nærast Kathrine kjem vel Arve Johannesen, som vart kalla inn til gutelandslags-samling som 15 åring i 1984, same år som han debuterte på A-laget til Sæbø. Talentet til Arve var nok større enn ambisjonane så det vart med A-lags fotball for Sæbø.
Utgangspunktet for tidenes lag i denne artikkelen var vel også A-laget til Sæbø, gjennom tidene, og derfor var ikkje Kathrine med på eit slikt lag. Ho har ingen A-kampar for Sæbø A-lag.
Å kalle utelating av Kathrine i denne samanhengen kvinnediskriminerande er heilt skivebom...
Diskusjonen kvinnefotballen kontra herrefotballen er ein heilt annan debatt, og heldigvis har me kome mykje lenger i dag enn for 20-30 år sidan.
Alf Ole Aarseth
Jentefotball (09.06.2008 kl. 23:46)
Kom til å tenke på ein episode frå 2001. Sæbø sitt G16 11-ar lag der det var med fleire jenter skulle ha heimekamp mot Blindheim (trur eg). Motstandarane kom, og flirte godt då dei såg at Sæbø stilte med 6 jenter! Resultatet vart 11-1 til Sæbø etter godt spel av Bente Tangen, Linn Cathrin Straume, Eva Haugen Øye, Laila Melle, Charlotte Kvistad og Inger-Anne Stokke saman med gutane. Huskar at fleire av måla kom frå jentene og Charlotte vart heil forvirra då Rolfen ropte at ho måtte passe seg så ho ikkje var i offside..
Gutane som forlet Såbø var veldig imponerte over jentene iallefall!
Mari-Anne Bjørdal
Urettvist, Eva (09.06.2008 kl. 23:10)
Eva har heilt sikkert rett om jenter sine kår i idretten i tidlegare år. Det var nok ikkje berre eit Sæbø IL problem, men eit generelt trekk ved samfunnet. No er jentene i Sæbø IL likestilt med gutane, og takk for det. Det er ikkje etablert noko på seniorsida, men det har vorte prøvd, og dte har vore lag saman med Åmdal IL.
Men der Eva er urettvis, er hennar antydningar om korleis Sæbø IL i helga presenterte si historie gjennom idrettsutstillinga. Dei tre personane som vart særleg presentert var Kathrine Nydahl. Monica Hjellen og Alfred Sæbønes. Altså er idrettslaget seg svært medvitne om at også jenter/damer har utmerkt seg. Vidare vart bronsejentene presentert med bilete frå Norway Cup, medaljar, diplom og pokal.
At ein 89 år gammal mann si mimring om fotballaget han kjenner så sterk identitet til gjennom tidene kan få fram raudstrømpa i Eva Aarskog er for meg ubegripeleg. Ja, det vert for dumt.
Idrettsutstillinga var heilt sikkert ikkje perfekt, men det hadde vore ein føremon å sett henne før ein uttalte seg om det.
Rune Sæbønes
Du har nok rett i det Kari. (09.06.2008 kl. 22:22)
Da jeg gikk på ungdomsskulen forsøkte vi å få til et jentelag i fotball. Ikkje mykje å gjere på for oss jentene i Idrettslaget den tida. Vi var rundt å spurte fleire om dei ville være med å trene oss. Dei svara som var gjevne egnar seg ikkje på trykk, og dei fleste vil nok ikkje vedkjenne seg dei i dag.
Og heilt klart så har det vore mest herrefottball og gutefotball i Sæbø Il si historie.
I dag er det vel som du seier likt og når dei kjem opp i alder vert krava så store at mange fell ut, eller finn seg nye interesser. Det gjeld velfor både jenter og gutar.
Men det er noko med at Sæbø har faktisk jenter som har gjort det godt i Idrettslaget si historie, men det er liksom berre den "gamle herrefotballen" som vert lagt vekt på, noko som vert direkte demoraliserande for alle dei jentene som faktisk har gjort det godt. Og lite motiverande for dei unge jentene som kjem "oppette".
Som sagt så vart eg noko provosert av at den sterke insatsen til jentene var så selvfølgelig utelatt.
Eva Aarskog
Noe urettferdig der Eva (09.06.2008 kl. 20:19)
Jeg er ikke så sikker på at jentene i Sæbø I.L. har så mye dårligere vilkår en guttene. Realiteten er vel den at kullene på Sæbø er så små at jenter og gutter spiller på samme lag så lenge det er mulig og dermed har de samme betingelsene. Pr. i dag har Sæbø mange gode jentespillere som er helt på høyde med guttene. Problemet er vel ikke vilkårene, men realiteten som sier at når jenter blir 16 - 18 år gamle "tørker de vekk" enten det er snakk om håndball eller fotball. Det er aldri mange nok igjen til å kunne danne et eget dame seniorlag.
I vår tid måtte vi kjempe for å få spille damefotball, Eva. Hadde t.o.m. en trener en periode som var hellig overbevist om at det ikke er mulig å lære jenter/kvinner å spille fotball;) Ham om det, vi skal i alle fall være glade for at den tid stort sett er forbi.
Damefotballen generelt på landsbasis har langt dårligere kår enn herrefotballen, det er jeg enig med deg i, og det har nok mange årsaker.
Kathrine fortjener definitivt en plass på laget, og jeg tror ikke disse "gamle mimregubbene" er verre på det enn at de er helt enige med meg i det:)
Kari Stokke
Kathrine N. og jentefotball. (09.06.2008 kl. 19:37)
Om det vert sett opp "eit tidenes lag" under Sæbø-dagane om nokre år, vert nok jentene representerte.
slik går heldigvis utviklinga.
Eg trur nok "allmugen" skjønar at det på 75.års jubileet vert mimra litt, og då med det "maskuline" i overtal.
Det ligg i Sæbø I.L sin historikk og det idrettslege då generelt å gjere.
Vi spelte fotball på løkka medan jentene såg på, inntil mørkret fall på.....
No har dette endra seg, og takk for det!
Helge Strand
Bronsejentene (09.06.2008 kl. 19:20)
Dei greide å få beste plasseringa noko sonne i Sæbø idrettslag si historie. Det er ei jente som har vore med å vunne gull p+ nasjonalt nivå.
Men når det e snakk om tidenes fotball lag er det karane som tenkjer og kun karane som rår.
Vart brått meir enn berre litt raudstrømpe her altså. Og tykkjer karane er meir en berre litt kvinnediskriminerande!!!
Men det sei då mykje om kva villkåra er for jentefotballen i Sæbø Irettslag.
Eva Aarskog
Hvor er norgesmesteren? (09.06.2008 kl. 18:48)
Undrer meg over at dere ikke har gitt plass til Kathrine Nydahl på tidenes Sæbø-lag!
Kari Stokke
"Dream team!" (09.06.2008 kl. 15:54)
Alf Ole!
At du "detroniserar" meg til tolk og til fordel for deg sjølv som midtbane-spelar....! (Sikkert korrekt forøvrig.....)
Den freistnaden skal eg halde meg unna, så her er mitt forslag i eit 4-4-2 system.
Rolf Egil Riise
H. Nydal R. Strand Annf. Holen "Kalle" Sæbønes
J. Hjellen Tor Nordang Roger Holen Per Sæbønes
Jarle Walset Alfred Sæbønes
Ivar Tryggeset/Dagfinn Strand (keeper)
Svein Sæbønes (forsvar)
Lasse Sæbønes (midtbane)
Torleif Håndlykken (angrep)
Trenar: Terje Kjøde
(Fotballformann/oppmann: Helge Strand... og Jon "Post" Frøland.)
Eit flott team som i dag hadde kunne forsvart 3. div. standard!
P.S
Då "vi" spelte i 4. div. var det 8. divisjonar på Sunnmøre. Lag som Langevåg, Brattvåg, Volda, Hareid, Herd m.fl. var motstandarar.
Difor er dei fleste av "mine utvalde" nett frå den tida., men Annfinn H. og Alfred S. var "før si tid" og difor vel kvalifiserte på mitt lag.
Helge Strand
Bra lag Anton ! (07.06.2008 kl. 12:18)
Men litt for mange frå svunnen tid etter min smak, Annfnn og Thamsen huskar eg mest som ivrige tilskodarar :) Men Alfred må sjølvsagt med.
Dessutan har du gløymt midtbaneterrieren Tor Nordang som vart kåra til årets spelar på Sunnmøre i 1980 av lesarane til Sunnmøre Arbeideravis (SA)
Antal kampar er også eit viktig kriterie synest eg, så derfor er både Svein og Lasse også med i min første-ellevar. Her er mitt lag i 3-5-2 formasjon, litt prega av 80-talet då eg sjølv var med, og eg er såpass vågal at eg set meg sjølv på reservebenken også :)
Rolf Egil Riise
Henning Nydahl Rolf Strand Svein Sæbønes
Tor Nordang Roger Holen
Alfred Sæbønes Lasse Sæbønes Johan Hjellen
Normann Dimmen Jarle Walseth
Reservar;
Dagfinn Strand, Keeper
Kalle Sæbønes, Forsvar
Alf Ole Aarseth, Midtbane
Per Sæbønes, Midtbane
Thorleif Håndlykken, Angrep
Trenarar; Stein Aam/Erik Brautaset
Desse 2 utfyller kvarandre perfekt.
Dette laget hadde slått dei fleste lag på Sunnmøre opptil 3 divisjon !
Rune Sæbønes er med som pressekontakt og Helge Strand som tolk i tilfelle turnering i Tyskland/Nederland.
Alf Ole Aarseth