Langs elverampa til Bondalselva har det no kome ca. 3,5 km gangveg.  Ein så lang gangveg må sjølvsagt  ha rasteplassar og rasteplassar har det blitt laga, men kanskje er dei ikkje så vakre?

Slik tenkte kanskje "strikkedamene", dvs. initiativtakarane til Strikkekafeen på Sæbø, Ingvild Åmbakk og Ann-Helen Urkegjerde.  Dermed bestemte dei seg for å "adoptere" den første rasteplassen framom Hustadbrua.  For ei tid tilbake kjøpte dei inn to urner og sommarblomar.  Resultatet ser du under.

IMGP5171 (Large)

Den første rasteplassen ved gangvegen har blitt svært tiltalande og vakker.  Rasteplassane kan sjølvsagt nyttast av alle.

Ingvild fortel at det nok er Ann-Helen og ho som har teke på seg ansvaret for å halde denne rasteplassen fin og ryddig.  Likevel seier ho ikkje nei dersom nokon t.d. vatnar sommarblomane  no i varmen.  Der ligg ei tom brusflaske "gøymd" ved ei rogn like ved rasteplassen.  Ingvild vonar sjølvsagt at ingen gjer hærverk på blomar eller urner, blomar og urner som er kjøpt inn av pengar innsamla på stikkekafeen.

BlomsterdamerIMGP5169 (Large)

Foto t.v.:  Om nokon skulle lure - slik ser "strikkedamene" ut.  Ingvild til venstre, Ann-Helen til høgre.  Foto til høgre:  Urner og blomar er innkjøpt av innsamla pengar på stikkekafeen.

IMGP5173 (Large)

På benken på rasteplassen kan ein sitje i ro og fred og lytte til elvesusen samstundes som ein ser på blomar og fjell.

Og Ingvild, kva er no namnet på denne flotte rasteplassen?

- Namnet? Nei, ....., namn har vi gløymt.

Med Ingvild er samd i at brukarane av hjorundfjord.no kan vere med å hjelpe til å finne eit namn på denne første rasteplassen framom Hustadbrua.  Legg att ein kommentar.  Inntil vidare får vi kalle den Strikkeplassen.

Avslutningsvis kjem Ingvild pg Ann-Helen med ei oppfordring:  Det er fleire rasteplassar framover langs elva.  Dei to oppfordrar lag og organisasjonar til å adoptere kvar sin rasteplass slik Strikkekafeen har gjort.  Det er ikkje snakk om så mykje pengar å legge ut, men tek eit lag ansvaret for ein plass, er dei to sikre på at denne plassen/rasteplassen vert teken godt vare på og ikkje minst halde ryddig og fin.