På min siste tur på jobb i Mexicogulfen, dukka dette beistet opp rett under helikopterdekk på konstrukssjonsfartyet der eg arbeider. Kva er det for noko?
Her er tre fiskar men kva heiter den største?
Under min daglege ettermiddagstur på helikopterdekk vart eg stor i augene når denne kjempefisken med to passasjerar på hovudet dukka opp. Dei to fiskane vert ofte kalla for losfiskar. Kanskje nokon som veit det rette navnet på desse fiskane også?
Kommentarar
Desse fiskane har faktisk "utstyr" som gjer at dei henger seg fast i Mantaen og blir med på tur. Dei opptrer helst i par slik som på bildet ditt Nils.
Google og Wiki er artig..
Mantaen er fredelig, faktisk sopass at dykkarar som skal kose med den har blitt ein liten trussel for privatlivets fred for den. Stingray er nok i slekt med Manta, men har giftige piggar på halen.
Nok ein gong: takk til wiki og google ;)