Stor var overraskinga då eg fekk eit tvert nei til svar, det hadde dei ikkje tid til. Men eg ga meg ikkje, og prøvde ein gong til. "Hei, vi er på Kvistad, kan de vere så snill å vente på oss?" Denne gongen la dei på røret, utan å svare meg. Vi køyrde rett til fergekaia i håp om at vi likevel skulle rekke det, men nei. Ferga gjekk, rett framom nasen på oss. Hadde vi kome 2 minutt før, hadde vi kome tidsnok. Dette synest eg er umåteleg slett service av ferga.

Helsing Emile van Embden, trenar