Arrangørane Sæbø IL ynskjer sterkt at også folket i Storfjorden skal oppleve stemninga på Sæbø ein laurdag kveld i fint ver under Hjørundfjorddagane.
Difor vert det bår frå Bjørke til Sæbø kl 21.30 laurdag kveld, med retur kl. 02.15. Då kan folk få med seg fotball og musikk i teltet på stemneplassen, og dessutan livet på Sagafjord Hotell.
Returen går også via Leknes dersom det er plass til folk dit. Prisen er hundre kroner per person kvar veg.
Kommentarar
Mange i frå Storfjorden er lite på Sæbø
Nå har dei sjansen igjen.
Eg bruker å reise tirsdagene til Sæbø på besøk så eg reiser i helga.
Kanskje besøker eg Sæbø på tirsdag igjen.
Har sikkert blitt fint nå når dei har fåt pynta og rydda i sentrum.
Takk til Helge og Grendalaget.