Sjølv om det var skulefri var vi 13 frå 1. – 3. klasse på Sæbø skule som måtte stå tidleg opp laurdag. Vi skulle på Fotballfestival i Hundeidvik og måtte reise frå Sæbø kl. 08.45, men det er ikkje vanskeleg å stå opp når ein veit at ein skal på fotballcup.

Foreldra våre var litt usikre på kor lang tid dei skulle berekne på køyreturen til Hundeidvik og det enda opp med at om lag halve laget reiste om Stranda og resten tok ferga frå Festøya.

 

Dei er no ganske lure desse foreldra våre. Begge gruppene fekk med seg drakter så vi skulle vere sikre på at dei spelarane som kom først fram hadde drakter å ha på seg.

 

Ikkje noko problem. Dei siste kom til Hundeidvik eit kvarter før den første kampen vår skulle starte, alle fekk på seg drakter, vi leita opp bana vi skulle spele på og fekk melding om at kampen var flytta ein time.

 ATV-kø

Vi hang med geipen i om lag to sekund før vi oppdaga at det kunne vere greitt med ein liten tur opp på marka ovafor fotballbana. Der hadde nokre rigga seg til med små ATV’ar (firhjulingar).

ATV 

 

Du herlege tid! Ein halv time i kø, tjue kroner skifta eigar og verda var vår eit par minutt.

ATV er kjekt! 

No kan de angre de store brørne våre som ikkje gadd vere med for å heie på oss!

 Matkø

Før kampstart måtte vi fylle på med litt energi. Matpakkar og god kioskmat høyrer med på cup. Og så selde dei mykje god frukt i porsjonsbeger. Kjempelurt!

Ventar på å få spele

Vel, cup er cup og vi måtte leite opp bana vår igjen. Ein avslappa gjeng medan vi venta på at kampen før vår skulle verte ferdig.

Foreldre

Foreldra våre er gode supporterar. Dei rettleier oss så godt dei kan og vert temmeleg engasjerte når vi nærmar oss mål med ballen. Det går ikkje alltid som dei og vi håpar, men i denne cupen fekk vi MANGE mål. Nøyaktig kor mange veit sikkert berre dommarane.

Tidleg krøkast

Samanlikna med andre foreldre er foreldra våre kjekke å ha rundt bana. Gjer vi ein feil skryt dei av oss likevel. Frå Øye, Urke og Sæbø var vi 51 små og store som reiste på cup i dag.

 Hilde

Det er ganske nøyaktig eitt år sidan dei fleste av oss var på vår første fotballcup og om vi skal skryte litt av oss sjølve skulle ein ikkje tru det er den same gjengen.

Vi har vorte flinke i forsvar,

Forsvar

vi har gode målvakter,

Utspark 

vi får ballen framover bana,

 framover

vi er konsentrerte,

 Full fart

fryktar ikkje motspelarane

Etter ballen

og skårar mål.

Mål

 

Nedafor fotballbana hadde dei i Hundeidvik laga til innhegningar for geiter, kalvar og griser. Dyra fekk nok ein del mat av spelarane mellom kampane denne dagen.

 Geiter i Hundeidvika

Ein Gråtass hadde dei også fått tak i. Kjekt å ha noko å finne på i pausane.

Gråtass

I 14.30-tida var vi ferdige med siste kampen og no var det tid for det dei fleste av oss snakka mykje om mellom kampane, nemleg ein tur i Ikornnes Friluftsbad. Alle spelarane fekk gratis inngangsbillett dit. Godt og varmt i lufta og fin badetemperatur. Vi kunne velje mellom tre ulike basseng , bada litt her og litt der og storkosa oss.

 

Alle gode ting har ein ende og vi måtte etter kvart tenkje på heimreisa. Nokre reiste om Festøya, andre om Stranda og Norangsdalen.

 Takk for no

Om dette var nok fotball for ei stund?

 

Neida, søndag 1. juni ( ja, det er i dag) er vi klar for ny cup. Då er det foreldra våre som arrangerer fotballcup på Sæbø for oss som er fødde i 1999, 2000 og 2001. Det kjem lag frå Austefjord, Folkestad, Hovdebygda/Mork, Vartdal, Volda og Ørsta.

 

Vi spelar første kampen kl. 13.00 og reknar med å vere ferdige kl. 16.00. Ta deg ein tur og sjå kor flinke vi er!

 

(I kiosken i klubbhuset kan du få kjøpe pølser, brus, is, kaffi, frukt og gode vaflerJ)