Då vi kryssa fjorden på vei frå Lekneset mot Sæbøneset i dag, fekk vi auge på nokre fuglar som ingen av oss har sett her før. Lundefuglane hadde nok teke seg ein avstikkar frå fuglefjellet på Runde, og det såg ut til at dei kosa seg skikkelig. Det er mykje brisling i fjorden no, og kanskje er det desse som har lokka Lundefuglane inn i fjorden vår? Vi såg også fleire niser som tydeleg fylgde stimane med sild.

 

Eg prøvde ikkje å telje fuglane, men trur nok at det var minst 30 stk i den flokken vi såg. Fuglane var flinke dykkerar, og  var under vatn ei god stund før dei dukka opp att.

 

Det var ikkje så lett å kome nær nok til å få teke noko godt bilete av dei, og ikkje var det råd å få færingen til å ligge i ro heller, men eg legg no med bilde her likevel.