Underteikna var i dag i kontakt med vår alle fremste fugleekspert, Alv Ottar Folkestad. Både stork og Hjørundfjordportal var han godt kjend med. Har de fått ein stork på besøk så må det være kjærkome i Hjørundfjorden sa han, og hadde stor sans for sumbolverdien ein slik fugl har. Dette må de bruke for alt det er verd.
|
Alv Ottar Folkestad |
- Dette er vel ikkje så heilt uvanleg og det kan skje at unge storkar utan forpliktelsar slenger seg på ein varm luftstraum og seglar nordover og dei kan kome heilt til Nordland og dei har også vore observerte i Finnmak. Det heile er nok eit svakheitsteikn med individet, og fuglen kan stamme frå fuglar som er utsette etter opdrett i Sverige og Dannmark.Det har der vore dreve oppdrett av stork for å igjeninnføre den etter den forsvann frå store område, i desse landa + Spania og AustEuropa.
Desse enkeltindivida har ikkje fått heilt plotta inn kva oppgåve dei har, og tek seg slike avstikkarar. Storkefuglane held til i våtmarksområda og lever av larvar kreps og innsekter. For nokre år sidan var her ein på Fiskå som slo seg til, og dette var eit år med mykje Moldoksar i tillegg til beiting, han livberga seg på.
Kan dei då slå seg til her å begynne og hekke?
- Nei det skal vel noko til. I såfall må dei ha ein make og det vil nok ta eit par år før dette kan skje. Dei er nok trege til å etablere seg.
Men kjekt er det å sjå dei her med oss, avsluttar Alv Ottar.
Frå Gerd Sofie Langvatn fekk eg desse bileta i kveld av storken når den sat på huset deira på Aklestad.(klikk på bileta for å få dei i full størelse)
|
|
Kommentarar
Ut etter opplysningar eg har fått siste veka må den ha vore i Follestaddalen også og gjort gjerninga si no i vår....;)
Han satt der og kika på oss mens vi sprang rundt huset for å få sett godt nok på han :)
Kan informere om at han ikkje hadde noke knytte i nebbet sitt, som bilda også viser - så lasta si har han nok lagt frå seg før han kom hit ;-)
Han satt seg til ro for natta på taket, morgonen var han i åkeren til Arve igjen såvidt vi såg. Kvelden då vi var heime igjen var han vekk.