Den første snikkarhytta vart bygd etter teikning. Men eit eller anna gale skjedde, og det vart etterkvart meir spiker enn tre. Tilslutt køyrde dei vaksne heile hytta - med stige - på bålet! No er den brent opp.

hytte3

Etter nokre dagar med byggefri, byrja vi på ei ny hytte. Denne gongen utan teikning, men med vaksne som styrde prosessen meir. Både kor mykje spiker barna fekk, kor ein fekk spikre og kva material som skulle brukast. Ikkje slik at dei vaksne tok over, men dei hjelpte barna til å styre merksemda si og gjere andre vurderingar under arbeidet. I tillegg er der alltid nye omgrep å lære, td. "spikerslag".

hytte1

hytte2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultatet er blitt ei hytte som ikkje skal på bålet, men som vi kan bruke i leiken vår. Hurra!

Leikarhytta (2)

Titt-titt.......