Korleis ser Hjørundfjorden ut, sett frå Lekneset?

Eg er nok ein smule inhabil, men må vedgå at utsikta frå Lekneset er spesiell same kva retning ein ser. Difor vil eg dele med lesarane nokre inntrykk frå "det gode liv" på andre sida av fjorden.

Ser vi mot nord -utover fjorden- så har vi dette motivet:

IMG_0222 

Det er ikkje så ofte at fjord og himmel er like blanke, men når det skjer er det eit flott syn. Vi ser her heilt utover til Sunde.

Vender vi blikket mot aust er det Slogen i all sin prakt som peikar seg ut, men Stålberghornet er ikkje så verst det heller!

IMG_0219 

Vender vi oss mot sør ser vi til Viddal og nesten til Leira på austsida. På vestsida ser vi innover til Otola:

IMG_0226

Utsikta motsett veg av ingressbildet er ikkje så verst den heller! Her ser vi Sæbø omgitt av Hustadneset og Sæbøneset og litt av Bondalen:

IMG_0223 

I forgrunnen ser vi litt av Brunsvika på nordsida av Lekneset. Etter det som er fortalt av eldre folk, så kjem namnet av at vika ein gong var brun av blod etter eit slag ved Lekneset. Så kven veit, kanskje var det akkurat her at Norge vart samla til eitt rike?

Det er vel helst sommarbilda som gjer seg best i brosjyrer, men det er ikkje så verst om vinteren heller!

IMG_0160

Her ser vi utover mot Leknesgarden ein dag i mars. I forgrunnen ser vi at sementblandaren til hyttenabo Olav Øien har fått seg ein velfortent pause.

IMG_0154

Terrassen er god å ha - også som lagerplass for snø!

IMG_0158 

Men når sola tittar fram gjeld det å måke seg ei bot så solstolane får plass. Her sit Øygunn og prøver stolen.

IMG_0151

Slogen i vintersol. Men det meste ligg i skuggen endå. Nede til høgre ser vi gamleskulen på Urke. Den vart flytta til Lekneset av "Rusta-Karl" og nytta som verkstad. No har den begynt på sitt tredje liv - som fritidshus.

IMG_0085

Fine farga over Storfjorden ein dag i desember.

IMG_0144

Men ut i mars har sola begynt å varme på slike fine dagar.

På fergekaia er det som oftast eitkvart å studere på og er ein god stimulans for "nysjerrigheita"!

IMG_0142

Her er det utstyret til Urke Kraftverk som har kome i land og er klar for siste etappen.

Og så er det vår og det lauvast i li. Terrassen er olja og paviljongen har fått taket på plass. Vi er klar for sommarsesongen!

IMG_0232 

Tyske fisketuristar er det også på Lekneset. Her sit Waltraud og Eberhard frå Dresden og nyt kveldssola saman med Øygunn.

IMG_0235

Her kjem årets første turistskip "Mona Lisa" sigande forbi. Ei fin skute! Skorstensmerket er bilde av den mystiske dama.

IMG_0260 

Leknesgarden ligg idyllisk til. Her ser vi ferja med kurs for kaia etter ein tur til Skår.

IMG_0227

"Eiksund" på plass ved kaia, klar for neste tur med "bulder og brak", Burde kanskje endre namnet til m/s "Rabalder"!

IMG_0231 

Sommaren inneber ofte familiebesøk og her er det ikkje noko unntak. Her er "Plasse-tausene" Ella(t.v.), Gerd og Øygunn klar for eit måltid. Litt av "tilbehøret" deira i bakgrunnen.

 

IMG_0253.

 

Eg håper at bilda ovanfor har gitt eit lite inntrykk frå Lekneset og korleis Hjørundfjorden ser ut frå denne sida. At vi sit "midt i smørauget" kan det vel ikkje vere tvil om?

GOD SOMMAR!

Kåre Myklebust