rune1

Jubileumsutstillinga til Sæbø IL vert eit høgdepunkt, m.a. med dette biletet frå 1951, aldri før vist offentleg. Det er Sæbø-legenda Alfred Sæbønes som nikkar ballen i mål.

På utstilingssida ventar kunstnarane Kjell Idar Saure og Sverre Rønning på eit stort publikum. Det er flotte bilete dei har kome med til sine utstillingar.

Ekstra spennande i i år er Sæbø IL si 75års-jubileumsutstilling. Mellom anna er arrangørane Sæbø IL stolte av å vise fram to "live"-bilete av legenda Alfred Sæbønes som aldri før har vorte vist offentleg. Bjarne Riise er fotografen.

Frå scena vert laurdagen mykje konsentrert om Sæbø IL sitt jubileum, med opnar Reidar Vågnes, kåsør Gunnar Ellingsen og overraskingar frå scena, I tillegg vert det barneunderhaldning med Paul Rocks frå Trondheim, og Hjørundfjord kyrkje barnekor skal syngje.

Om kvelden vert det EM i fotball (viss teknologien står arrangørane bi) og allsong og kanskje ein dans med trubadurane Sindre & Geggen frå Ålesund. Dette skjer i teltet.

Søndag vil elevane frå Sæbø ungdomsskule vise seg for eit større publikum med smakebitar frå Grease-framsyninga, og songtalentet Elise Flakk Nordang vil syngje.  Arill Rise vil binde det heile saman, og får med seg ei STOR overrasking.

Som eit av dei store programsinnslaga er den heilt unike og sensjasjonelle kunstauksjonen der Hjørundfjord-kunstnarar som Sigmund Årseth, Nils Taklo, Sverre Rønning, Arvid Urkegjerde og SVerre Magnus Myrtveit har donert kvart sitt arbeid. Inntektene frå auksjonen går i sin heilskap til Sæbø grendelag sitt arbeid med å gjere Kapteinskvia til eit topp friluftsområde.

For fullstendig program, sjå aktivitetskalenderen her på portalen.