Ein fortvila kyrkjelydssektretær, Eldbjørg Tvergrov, har henvendt seg til hjorundfjord.no og bedd oss om å offentleggjere at ho i samråd med klokkar, prest og Bjarne Hustadnes har måtte ta ei avgjerd om å flytte friluftgudstenesta inn i kyrkja. Og Eldbjørg er ikkje den som har lett for å misse motet, men i dag har regnveret jaga dei fleste i hus. Sjølv om meldingane ikkje er så aller verst til søndag, så er det så vått i marka at det nyttar ikkje å ha gudstenesta ute. Det skal også være dåp, og sidan Bjarne er nemnd, så er Hjørundfjordkvintetten på plass.

Hjørundfjord kvintetten

Hjørundfjordkvintetten spelar på gamle Rise ein nydeleg sommarkveld 6.juli 2005

 

 

Eldbjørg seier det er viktigt at folk merkar seg tidspunktet forsatt  er kl.12.00, og ikkje kl 11.00, som er vanleg preiketid.

Det er Svein Kvamsdal som held gudstenesta med dåp, og Hjørundfjordkvintetten vil delta.

 

 

Hjørundfjord sokneråd ynskjer vel møtt til alle i kyrkja søndag 22.6.08 kl.12.00