Ej forstår godt at folk bekymra sej for at ungdommen som flyttar fra bygda for å få seg en jobb eller utdanning ikkje flyttar tilbake.
Men ej syns det blir bra håplaust at dei so e no 10-12 år eldre enn mej ska begynne å mase om at ein vei til skårasalen e siste utvei for bygda for å få litt liv, og dermeded få folk til å busetje sej. En vei til skårasalen vil kanskje vere noke for turisma om sommaren, men om vinteren vil her vere like dødt, om ikkje verre enn no.
Verre, fordi vi som ikkje vil ha vei ikkje gidde å bu her lenger fordi det ødelegge dinna naturen vi he her. Ej he som mange veit, budd ei stund i Bergen., Og der har eg støtt på persona som syns Hjørundfjordfjella e en fantastisk plass å vere, både sommar og vinter, ingen fjellvega eller stygge trasea som ødelegge inntrykket.
Ej trur, om vi i bygda og på hotellet kan få folk utenfra til å forstå at her e et paradis, sommer som vinter, om du lika å gå i uberørt natur eller vakre fjell , og blant hyggerlige menneske, kan i framtida få en vel so bra turisme magnet som en vei til skårasalen.
Ej veit ditta e et tema som av og til kjem opp til diskusjon, både på fest og ellers. Ej va faktisk på fest ikveld/natt., har akkurat komt heim:P Men uansett ej he gått uta sæbøneset og framigjen på rise, akkurat når sola begynte å varme:)
Ej må sei det ej so he no fått smakt på det urbane liv, men Fy f... her på Sæbø e det flott, her vil ej bygge å bu, men kjem der en vei opp til skårasalen so ska ej være første mann til å revurdere min stilling. Da flytte ej mej heller til Ørsta eller Volda, der ej kan få alt ej vil berre ej he bil.
Nei tenk dokke godt om, uansett ka dokke tenke., Det e ikkje berre å få bygt en vei å håpe at folk dukka opp, ein må og marknedsføre det. Og da e det betre å marknadsføre uberørt natur enn et fjell fullt av søppel.
Nei Eg syns absolutt folk må gå ihop om ideen til helge standal, betre m ei rås langs hjørundfjorden.
Sjå artikkel hjørundfjordstien
Kommentarar
Det nytter ikkje å byggja Skårasalveg og innbilla seg ei strålande utvikling for heile området om ikkje ungdommen ser si framtid her!
Kva har dei å fortelje som prøver seg i bransjen?
Turisme er den desisert mest aukande næring i framtida. Med det arbeidsplassar og busetjing på stadar som bl.a i Hjørundfjorden.
"Turisme er eit satsingsområde i Hjørundfjorden" er det vedteke frå kommunalt hald.
Sjølv om ein skulle stritte imot på kvar "si tue," som du tydeligvis gjer, er auka turisme til opplevings-stadar umogleg å reversere.
Eg antek at E. Kippersund har vore turist til mange mål kring verda?
Difor bl.a er din uttale/kommentar tankevekkjande....
"Kva har dei å fortelje som prøver seg i bransjen..." spør du.
Kanskje skal du, for å halde oss til Hjørundfjorden, spørje hotell Union på Øye, Sagafjord hotell på Sæbø, Christian Gaard på Trandal og Rekkedal Gjestehus?
I tillegg til utleigehytter på Trandal, Urke, Sæbø og i ytre del av Hjørundfjorden.
Likeeins det planlagde turistanlegget på Standal og fleire prosjekt i Hjørundfjorden.
Kanskje gjer haldningar som du gjev uttrykk for til at utviklinga på Bjørke synast å stå "i stampe....?"
Om det er fellesfjøser-turisme eller arbeidsplasser innen anna næring speler mindre rolle berre nokon vil starte opp noko og skape arbeid for seg og andre.
Vi treng no ikkje å øydelegge naturen om vi vil starte noko i bygdene.
Men det er dei unge som må satse skal dei ha tid å betale tilbake 2-10 mill.
Klart alle som vil kan gi en sjerv til nye prosjekt og vi kan stille opp på dugnader.
Næringsområde har vi i Bjørkevikja.
Kanskje kan ein Skårasalveg GJERE naturen tilgjengelig for alle? Eg berre undrast..
Jeg tror du har helt rett,og at dette er i ferd med å ske. Det skjer bare ikke over natten. Vilje til nyskaping og trivselstiltak på mange områder står jo på dagsorden i dag. Ellers vil jeg si at det er flott at du med din generasjon sier det du sier uten dikkedarer. Selv har jeg tidligere sagt at jeg støtter initiativet til arbeidsguppa vedrørende Skårasalen. Det er fordi jeg håper det kommer noe godt ut av det selv om målsettingen skulle endres på veien.
Det trur eg både mange turista og fastbuande vil syns i framtida også, ej hørtes sikkert frykteli egoistisk ut i innlegget mitt, men om veg til skårasalen blir ein realitet so e det forseint å angre.
Og om folk må bruke bil for å gidde å komme seg uti naturen so syns ej virkeli synd på dei.
Ej sjøl har ikkje klart å gått på fjellet siste 2 åra pga en skade i ein fot, men ej kunne ikkje tenkt mej å bygge vei opp berre fordi ej vil nyte utsikta. Nei da ska ej heller stå på å bli so bra at ej klare å kome mej dit til fots igjen, for ein tur på skårasalen eller hvilket som helst fjell e verdt slitet når ein kjem til topps.
Og ein annen ting er foreksempel trollstigen, den har det blitt so masse tungtrafikk og turista på at den snart ikkje kan kjørast lenger, slik vil det nok bli her og. Må nok koste ein del på vedlikehald i framtida for å få turistane dit dei ikkje gidd å gå lenger fordi der er plutselig ein veg.
Og her er no so pass dårli veg fra ørsta til sæbø allereie, at eg tvila på vedlikehaldet til skårasalen vil gå noke kjappere i framtida
Turisme er eit enormt og variert felt, men likevel: Eg reagerer på at "turisme" blir brukt som eit slags lettvint hokuspokus som skal bringe arbeidsplassar og tilflytting. Turisme er for meg ein risikosport som ein kan ha litt respekt for. Dei som med eigne hender og eigen innsats har drive fram eit brukbart småskala forretningstiltak skal ha stor ære (men dei kan også fortelje om knog og baksmellar). Den "store" turismen i dag må ha investorkapital henta inn utanfrå, og kapitalisme har sine nådelause krav til inntening (også den kapitalismen som ikkje treng kallast rovdyrkapitalisme). Prosjekta kjem likevel ut med mange arbeidfolk i hard og usikker teneste på dårleg løn. Ei anna side er at turisme i dag er ein av dei største natur- og miljøøydarane.
I alle fall: temaet "turisme" må ikkje vere "heilagt", men tole at det utløyser ulike syn og meiningsbryting. Ikkje sant, Helge?
Så på same måte som eg (ukritisk?) vektlegg dei positive sidene, synast du å vektlegge dei negative.
Men masse-turisme er vel ikkje aktuelt og heller ikkje å ønskje i Hjørundfjorden?
Ei anna sak er at neste generasjon vil få oppleve cruise-båtar som legg til i strand-sona på Sæbø, for deretter bl.a å ta turen til Skåra-salen.
Det er eg overtydd om "tvingar" seg fram, og "den som lever får sjå."
Min favoritt-turist er elles ein som leiger hytte eigd av fastbuande kring fjorden. Hytte-utleige som attåt-næring er det som gjev mest avkasting for lokal-samfunnet. Saman med "småskala hotellverksemd" og tilbod som på Trandal og Rekkedal.
Slik sett er Hjørundfjorden på rett veg.
Det ser vi allereie mange døme på.
Bl.a av den grunn er eg så oppteken av å verne HjørundFJORDEN. Fordi ein mest mogleg rein fjord saman med ei berekraftig villaks-stamme vil verte meir og meir verdsatt i framtida. Såvel i turisme-samanheng som auka livs-kvalitet for oss som bur her, og dei som vonleg vil busetje seg i den vakre Hjørundfjorden.
Nedgong i folketalet er hovudproblemet, trass i mange freistnadar på å skaffe arbeidsplassar. Som diverre synast fånyttes.
Framtidig turisme er i alle fall eg overtydd vil gje auka sysselsetjing og busetnad, difor må ein kanskje gå nye vegar......, eit tilbod som ingen kan måle seg med?
Ein veg til Skåra-salen som fleire og fleire får augo opp for, er kanskje nett det...?
P.S
Det ligg vel elles til pensjonerte pedagogar å vere ibuande impulsive og "pompøse" i skrift og tale....?
I så måte er vi nok like, Enok Kippersund!
At fleire oppdagar Hjørundfjorden, og at det blir noko betre tilrettelagd for dei som tek seg ein tur hitover, får vi vone kan "gå seg til" og halde kvalitet. Vi er jo ulike vi menneske, også når vi må bere stempelet "turist" eller "turistvert".
Turismen er spådd ei voldsom utvikling, og da kan ein fort bli noko skjerre og kome i villreie.
God sommar til deg!
Nå er vi også turister,og turistene er som oss. Noen nyter fjellene fra fluktstolen mens andre vandrer rundt i vår deilige frie natur.Mange er sporty og tar beina fatt. De går over Flofjellet mellom Stryn og Synnylven,de går på merka seterstier og fjellturer og tør å farte rundt i fjella med eller uten fører/turopplegg.(Cfr.skikkelige lokalt utarbeidde kart og DNT-merkinga i fjellet.I Ålesund og Geiranger kommer turistene på land med klare planer for en dag på land.Med buss,båt eller til fots. Siste uke hadde vi i Ålesund besøk av en hærskare turister fra et stort turistskip som syklet rundt i nærmiljøet.Heldig er de bygdene som finner balansen mellom bygdekultur med godt næringsgrunnlag og turister som kommer innom på besøk.Ikke tro at alle turister er redde for motbakker.Men her trengs råser av alle slag og hyggelige stoppeplasser underveis.Turister er oftest ikke interessert i stereotype kjøpesentre.De kommer for å oppleve miljøet til dem som bor der.Nisjeutvalg,som håndarbeid,fiskeutstyr,fjellsko o.l. er også bra,aller helst i bygninger etter klassisk folkeskikk.Nisjeprodukt bør selges,både mat og håndverk.Kanskje en ide å arrangere kurs?Noe er allerede på plass.Noe nytt er i ferd med å komme....Og så et spørsmål. Er det mulig å få yngel/settefisk satt ut i elvene, og se hva som skjer?
Eg skal svare deg på spørsmålet om utsetjing av yngel/setjefisk i elvar og vatn.
For det første må ein ha løyve frå Miljøvernavdelinga på Molde for å setje ut fisk. Og det er ikkje berre, berre.
Det krev ofte ein lang prosess og mykje papirarbeid før løyvet event. vert gjeve. Alle vert heller ikkje innvilga, så kan ein undrast kvifor.
Å flytte fisk frå eit vassdrag til eit anna, vere seg elv eller vatn er forøvrig ulovleg.
Eg utalar meg av røynsle avdi eg var hovudansvarleg for kultiveringsarbeidet/klekkeriet i Bondalselva i 16-17 år.
Tidlegare såg vi positive resultat av arbeidet. Fisk som vart utsett kom nemleg attende. I dag er det eit faktum at dei aller fleste laks og aureungar døyr som eit resultat av angrep av lakselusa, som igjen er ein konsekvens av oppdrettsnæringa som har skipla den gjennom tusener av år fine balansen mellom parasitten og villaksen.
Laksungane frå elvane i Hjørundfjorden, Ørsta/Vartdalsfjorden,Nordalsfjorden og Storfjorden skal alle til havs gjennom Breisundet. Den massive oppblomstringa av lakselus på deira veg hindrar dei i å kome så langt. Her ligg hovudårsaka til villaksen i vårt område sin (førebels?) lagnad.
Ein lagnad som kunne vore unngått om den raud/grøne regjeringa med miljøvernminister Bjørnøy (oppvakse på Borgundveien i Ålesund burde ho vite betre) hadde følgt faginstansen Direktoratet for Naturforvaltning si tilråding om nasjonal laksefjord-status for desse fjordane.
Då ville oppdrett vere forbode, og eksisterande anlegg skulle på sikt ut.
Så kan ein stille seg spørsmålet: Var det verdt det?
Langt over 20 smålaksvassdrag (og eit par storlakselvar)er no i same båt som Bondalselva.
NEI,NEI og atter NEI! Spør du meg.
Ei avgjersle som dei som kjem etter oss vil hoderystande vere sjokkerte over.....
Nokre kjem inn til Bjørke om natta fordi her er så stilt og fredelig ved kaiene.
Nokre har klaga på bråk om kvelden/natta
(musikk og fest og uteservering).
Vi bør ta vare på denne roa om natta på Bjørke.
Eit trekkplaster for nokre som er på båtferie.
Her burde berre ha våre tilgang på straum ved kaia.(Diesel fyller dei som regel på Sæbø men nokre har komt nesten tome hit inn og spurt etter diesel.
Nokre grunneigera har lenge snakka om ei felles flytebryggje på Bjørke.
Håper det blir en gang då vi som bur her også har bruk for båtplasser.
Det e jaggu so gale!! Det e no vist ikkje berre i storbyane politikerane e sneversynte å tomme mellom øyra.
Det e no vel betre dei kjøme med båt inn til hjørundfjorden en at dei skal fraktast med buss hit og vidare inni norangsdalen.
Skal tru ka so skal til for å overbevise ørstingane om at det ikkje e noke å sjå der borte:P?
Dette gjeld så klart kaia ved Amfi og.
Det viktigeste er vist at dei får selge varer i Ørsta
Naturopplevinger og frisk luft kjem til slutt i turistsammenheng vist.
Marknadskreftene gjeld også nå når dei nå lager ny alkoholplan i kommuna.
Handelen kjem først
Dei unge og alkholskadene/ulykker realitert til alkohol kjem til slutt.
Butikkene må ikkje tape penger.
Kan man redde en ungdom frå ulykker så burde det telle meir en å redde en butikk frå stenging.
En undersøking for nokre år siden viste at det var alt for mange dagligvarebutikker i Ørsta.
Kaia blir så klart i Ørsta,Magne det er der sentrum og handelen er.
Vi i Hjørundfjorden har berre natur vi.
Det reint visuelle og opplevingsmessige skulle då tilseie at ei cruise-hamn i Ørsta kommune burde leggjast til Hjørundfjorden.
Då peikar Sæbø seg ut! (Kaia vil kome, det er eg overtydd om.)
Men ein må samstundes vere realist. Først må fasilitetar,tilbod og tilhøve på land ligge til rette. Difor er prosjektet fram i tida, men lat oss ha dette i tankane i utviklinga av Sæbø sentrum.
Områder og øvrige føresetnadar har vi her på Sæbø. Det framifrå arbeidet til Hjørundfjord Bygdemobilisering med utfylling av området frå hotellet til sentrum ligg "bedårande og jomfrueleg" og ventar.....
Perfekt for nett ei cruise-hamn!
Eg syner elles til Sølvi B. Skylstad sitt innlegg der ho på ein framifrå måte skriv om det turistar ønskjer kjøpe eller sjå når dei kjem i land.
Så kjem høgdepunktet.....bokstaveleg tala. Ein tur til Skårasalen med ei unik og fantastisk utsikt over fjord og fjell!
Dalsnibba i Geiranger vil berre vere "blåbær" i samanlikning.
Dette er ein av mine draumar for Sæbø og Hjørundfjorden!