Og med 10 lag vert det ganske mykje folk. For kvar spelar har gjerne med seg både mor, far, søsken og besteforeldre. Så det var bra at vi hadde mykje mat til sals i kiosken. Tusen takk til alle føresette som stilte med vaffelrøre, som kiosk seljarar og baneklargjering. Ei særskild takk til Monika som sprang heim og laga meir vaffelrøre då kiosken gjekk tom.

Turneringa gjekk veldig fint og dei fleste kampane var relativt jamne, og det vart skåra mange mål.

Og når vi jublar må henden over haudet. Det er tydleg at nokon har sett korleis dei store fotballstjernene gjer det.
10005



Det har vore ei fantastisk spelarutvikling på Sæbø denne sesongen. Vi som tilskodera og føresette ser framgang frå turnering til turnering. Det er nesten så vi ser det frå kamp til kamp.
10017
Og som det ser så går vi på, og kjempar med nebb og klør.
10016

10015
Høge ballar vart det også.
10014
10012
Alexander, Yngve, Mikkel og Jacob var gode dommarar og rettleiar for spelarane.  Takk for ein godt gjennomført jobb.
10010

10009
Alle foto: Aanon