Etter litt om og men med Sunnmøre fotballkrets håpar vi no at samarbeidet mellom Ørsta/Åmdal/Sæbø er i orden.

Damelaget som stiller i 7-ar serien, reiste søndag til Moa for å spele mot Herd som har vunne alle kampane sine så langt i sesongen. Våre jenter hadde spelt 6 kampar der dei har vunne 4, spelt 1 uavgjordt og tapt 1.
Sæbø hadde i denne kampen med 5 spelarar, Åmdal 4 og Ørsta 5.
Jentene spelte godt og gav det etablerte Herd-laget god motstand men det var Herd som fekk det første målet. Liv Grete hadde ei kjemperedning midt i første omgang men ein Herdspelar sparka ballen ut av hendene hennar og i mål!
Har alltid trudd at slikt ikkje var lov men dommaren var av ein heilt annan meining!!
Og Roger måtte forlate stadion..
Jentene gav likevel ikkje opp og leda 4-3 midt i andre omgang før Herd kom tilbake og vann 5-4.
Flott spel av jentene men med dommaren mot seg vart det tap.

Dame 7ar
Med på kampen mot Herd: Bak f.v. Benedicte, Elisabeth, Ida, Malene (2), Kristine, Else Marie, Anne Sofie og Kathrine (2).
Framme f.v. Stine, Inger-Anne, Cecilie, Liv Grete, Vilde og Jenny
 

Mot SIF 4
Kamp mot SIF. F.v. Ida, Kathrine, Anne Sofie, Torill og Stine. (vann 5-3)

Fotball dame1
Malene og Maren.

J16 som spelar 11-ar fotball var tirsdag til Valder for å spele sin tredje kamp. Dei fleste av jentene har berre spelt 7-ar kamp tidlegare og var i byrjinga litt usikre. Etterkvart som jentene har vorte litt bedre kjente, har teknikken vorte bedre. Kampen mot Valder enda 5-0 og jentene fekk sin første siger etter knappe tap, 2-3 mot Spjelkavik og Sykkylven.

J16 fotball
Desse jentene var med mot Valder: Bak f.v. Synnøve, Kathrine, Ingeborg, Kristine, Malene (2), Torill, Else Marie og Hilde.
Framme f.v. Elisabeth, Jeanette, Monica (2), Liv Grete, Maren (1), Sunniva og Bente.

Torsdag var det Stranda som fekk besøk av jentene, i strålande solskin køyrde vi gjennom Norangsdalen med Sæbø bussen. Vi hadde med berre 13 jenter så vi var forberedt på at det kunne bli tøft i varmen.
Kampen fekk ein kanonstart der Malene gikk rett på mål og vi leda 1-0 etter 10 sekund!, etter at Stranda fekk roe seg, kom dei tilbake og ville mest i første omgang og vi låg under 1-3 til pause.
I andre omgang var vi klart best, jentene ville, og vann dei fleste duellane og spelte tidvis god fotball.
Då dommaren bles av kampen var resultatet 3-3 sjølv om vi nok burde ha vunne.
Stå på jenter!

Mot Stranda var desse jentene med: Rebekka, Torill, Liv Grete, Else Marie, Malene (3), Sunniva, Kathrine, Synnøve, Kaisa, Ingeborg, Bente, Maren og Kristine.

Då vi kom til Øye etter kampen stod Oddhild klar med vafler, saft og kaffi!

IMG_1542

IMG_1546

IMG_1544