Maleriet er vel neppe frå Hjørundfjorden, men det er vel frå Vestlandet reknar eg med. Men veit nokon kvar motivet er frå? Kanskje er det berre mine geografikunnskaper som er dårlige, det gjenstår å sjå...

Maleri frå ?
Bildet som heng på Gjenbruket og manglar stadomtale, kanskje nokon av portalen sine lesarar kan hjelpe?

Gjenbruket i Lillehammer er forøvrig ein bruktbutikk i kommunal regi, der sysselsetting og gjenbruk er viktige stikkord. Ting og møblar i butikken kjem enten direkte inn til butikken eller er sortert på miljøstasjonane i nærområdet. Alltid artig å ta turen til bruktbutikkar, kanskje gjer ein eit funn, stort eller smått.