Stokkesetra, her er det utsikt mot fjorden, regnet har stoppa og det lettar opp.
Vi tek ein liten pause.
Rolf studerer hytteboka , vi skreiv ei lita helsing frå oss alle.
Her måtte vi fylle på med litt å bite i , sunt og godt.
Vi tek ein bestemmelse om at vi må vidare til Tryvatna for å sjå om der er mykje snøv.
På vegen kryssar vi nokre bøter med snøv som ligg at, vi ser fjorden i det fjerne.
Her ser vi mot Follestaddalen og Fyldalsheida, det var stillt og varmt og sola braut til tider gjennom.
Innste vatnet , som de ser er det mykje snøv enno, litt tidleg å bade så det lyt vere til neste gong.
På vegen nedatt skein sola og litt bildetaking høyrer med.
Posten i klokkura er no på plass!
Husk og late skikkeleg att boksa etter bruk!
Dei som var med denne gongen er: Bodil, Jorunn, Haldis, Kanutte, Irene, og Rolf.
Dette er teke med sjølvutløysar og STATIV, slå den!
Måtte berre vise fram den nye boksa, skikkeleg råflott!
Håpe på godt besøk og at den fungera som den skal.
Neste tur vert familietur på Stokkehornet søndag 22 juni , start frå parkeringsplassen på Stokkesida kl 11.
Måndagstrimmen 23 juni vert flytta til 30 juni, då går turen til Hustadnestuva.
Vel møtt!
Kommentarar