For fleire vart det ei overraskande god opning av laksesesongen i Bondalselva.  I løpet av den første timen var det landa minst seks laksar/pjakkar og det var altså Dietrich Bochenau som opna ballet.

IMGP5425 (Large)

Her har Herr Bochenau årets første laks i Bondalselva på kroken

Bochenau landa denne fisken utan dramatikk, men Jan Paulsen hjelpte litt til - nærast som ei sikring i bakhand.  Dietrich Bochenau fekk fisken på makk.  Denne laksen/pjakken vog nok ein stad mellom to og tre kilo.

IMGP5430 (Large)IMGP5432 (Large)

Jan Paulsen var assistent då Dietrich Bochenau fekk den første laksen - ein pjakk mellom to og tre kilo.

Lenger nede i elva, i elveosen nedom Hustadbrua, vart fisk nummer to landa ikkje mange minutt seinare.  Det var Bjørn Hovden frå Stadtlandet som fekk ein fin laks på 3,1 kg.  Han fekk fisken på ei sjølvlaga fluge og det var kompisen Isak Stave som var med under landinga av laksen her.  Om ikkje han fekk den første fisken, så fekk i alle høve Bjørn Hovden vere den første som skreiv fisken inn i den nye lakseprotokollen.  Hovden var sjølvsagt godt nøgd, men akkurat der og då var det nok litt dumt at han ikkje fekk halde fram med fiskeriet. I fylgje dei nye reglane er det nemleg ikkje lov til å fiske meir enn ein laks på kvart kort.

IMGP5439 (Large) IMGP5449 (Large)

Bjørn Hovden fekk den første laksen - over 3 kg.  Til høgre noterer han fangsten i den nye protokollen

Klokka 0620 beit det på ein laks på stonga til Ludvig Jensen frå Langevåg.  Eit kvarter seinare hadde fiskaren lande sin første laks for året i sona til Aklestad.  Laksen var 3,5 kg og Jensen var sikker i si sak - denne fisken skulle røykast.

IMGP5456 (Large) IMGP5459 (Large)

T.v.: Ca. 15 minutt brukte Ludvig Jensen på å få denne laksen på land.  Laksen må vegast. 3,5 kg seier Rune Vik (t.h.) frå Gursken

Og kven fekk så den største laksen denne morgonen?  Ikkje uventa var det den største veteranen av dei alle - Eldar Skarbø.  Han fekk ein laks på 4,5 kg i same hølen som Dietrich Bochenau fekk sin.  Skarbø hadde elles på ein fisk allereie klokka 0601, men denne fisken fòr.  Og ikkje nok med det, Jan Paulsen fekk ein tredje laks/pjakk i same høl og den same Paulsen meinte at der stod fleire fiskar att.

IMGP5461 (Large)

Var dette så alle fiskar som vart landa? Nei, lenger nede i elva, i sona til Mo, fekk Per Håkonsholm sin første laks i Bondalselva dette året. Denne laksen var på mellom 3 og 4 kg.

IMGP5468 (Large)

Tre x tre glade laksar.  Frå venstre: Jan Paulsen, Per Håkonsholm og Eldar Skarbø.

Det var altså ved Kvistadbrua, i hølen som nokre kallar "Pensjonisten" (Frøland si sone), laksefisket var best denne morgonen.  Lenger framme vart det, så vidt hjorundfjord.no kjenner til, ikkje fiska laks.  Jakob Hustad(snart 14) var rett nok på plass ved Årsetbrua klokka 06, men her fekk han ikkje stor fangst/laks.

IMGP5420 (Large)

Jakob Hustad var tidleg på plass, men fekk ikkje laks på Årset