Her i Gausdal som eg bur, har det vore store plager med bjørn og bjørnedrap på sau. I går kveld fikk jaktlaget i Bødal i Gausdal fellingsløyve på bjørnen som då var spora og hadde tatt sau i nærområdet. Og i natt i 03.30-tida vart ein av bjørnane felt. Det er ikkje lett å forene både det å drive med husdyr og ha bjørnen i nærområdet. Og det har dei eg leiger hus av smertelig fått erfare, for fjorårets tap var stort. Så i natt var gleda stor i bygda då ein av bjørnane var felt.

Tilstrøyminga til gardstunet var stor i morgontimane i dag 11.juni 2008. Det har ikkje vore felt bjørn her på 95 år, så det er ingen kvardagslige hendingar for å seie det slik..

Bjørnen var ein hannbjørn på ca 4 år og vog ca 175 kg. Det er Fylkesmannen som eig bjørnen, så den er tatt hand om av sin rettmessige eigar. Den skal sjølvsagt gå til analyse både på størrelse og spor over kvar han kjem frå. Men at bjørnen vandrer har vi lese om i firda.no også som har fått fellingsløyver. Men har det vore bjørn i Hjørundfjorden i nyare tid?

Du kan lese meir om bjørnen på gd.no sine nettsider: http://www.gd.no/nyheter/article3599009.ece

Nokre bilder eg tok i tidlige morgontimar:

Bjørnen er felt i Gausdal
Her heng bjørnen i Gausdal. 175 kg og ikkje til å spøke med.Så det er ikkje ofte eg har tatt borti en SÅ levande bjørn..

Bjørnenærbilde
Ingen ufarlig skapning å treffe dette når ferdast i marka...

bjørnelabbar..
Bjørnelabbar i nærbilete.

Så no håper vi på ein god sesong i fjellet for dyra som driv kulturlandskapspleie.

Helsing Vibeke i Gausdal som i dag har fått nærkontakt med bjørnen...