Her i Gausdal som eg bur, har det vore store plager med bjørn og bjørnedrap på sau. I går kveld fikk jaktlaget i Bødal i Gausdal fellingsløyve på bjørnen som då var spora og hadde tatt sau i nærområdet. Og i natt i 03.30-tida vart ein av bjørnane felt. Det er ikkje lett å forene både det å drive med husdyr og ha bjørnen i nærområdet. Og det har dei eg leiger hus av smertelig fått erfare, for fjorårets tap var stort. Så i natt var gleda stor i bygda då ein av bjørnane var felt.
Tilstrøyminga til gardstunet var stor i morgontimane i dag 11.juni 2008. Det har ikkje vore felt bjørn her på 95 år, så det er ingen kvardagslige hendingar for å seie det slik..
Bjørnen var ein hannbjørn på ca 4 år og vog ca 175 kg. Det er Fylkesmannen som eig bjørnen, så den er tatt hand om av sin rettmessige eigar. Den skal sjølvsagt gå til analyse både på størrelse og spor over kvar han kjem frå. Men at bjørnen vandrer har vi lese om i firda.no også som har fått fellingsløyver. Men har det vore bjørn i Hjørundfjorden i nyare tid?
Du kan lese meir om bjørnen på gd.no sine nettsider: http://www.gd.no/nyheter/article3599009.ece
Nokre bilder eg tok i tidlige morgontimar:
Her heng bjørnen i Gausdal. 175 kg og ikkje til å spøke med.Så det er ikkje ofte eg har tatt borti en SÅ levande bjørn..
Ingen ufarlig skapning å treffe dette når ferdast i marka...
Så no håper vi på ein god sesong i fjellet for dyra som driv kulturlandskapspleie.
Helsing Vibeke i Gausdal som i dag har fått nærkontakt med bjørnen...
Kommentarar
ung hannbjørn det der,ikkje spesielt farlig å møte ham i skogen, med mindre du hadde skadeskutt den da..
Ein Bjørn smeskar seg med laks i elvane. Ofte i gytetida og etter stengetid. Det har eg sett mange døme på i Bondalselva.....
Ein treng ikkje reise heilt til Gausdal for å finne arten.
Diverre har eg ikkje bilete av Bjørnen i aksjon,men eg har mange skriftlege notatar.